Olav Peter Nergård () var ein norsk gardbrukar, skogeigar og stortingsmann frå Åmot i Hedmark. Nergård var medlem av partiet Venstre.

Nergård var son til ein gardbrukar. Før han sjølv vart gardbrukar gjekk han på skule, og vart student i 1881. I tillegg til gardsbruket var han stor skogeigar. Nergård var ordførar i Åmot periodane 1898-98 og 1902-04, og formann i skulestyret 1890-97 og 1907-??. Dessutan var han forlikskommissær. Han var styremedlem i Glommens skogeierforening frå 1898, av Det norske skogselskap frå 1905 og Kristiania tømmerdireksjon frå 1907. I 1906 fekk han plass i den departementale skogkonsesjonskomiteen. Nergård tok i 1913 initiativet til skipinga av Norges Skogeierforbund.

Nergård møtte første gongen på Stortinget frå den 10. november 1900 i staden for Wollert Konow (H), i eigenskap av 1. varamann frå Hedmark. Perioden 1903-06 møtte han fast på tinget, som 3. representant frå same amtet. I 1900-01 var han medlem av tollkomiteen, 1901-03 av budsjettkomiteen og 1903-06 av jarnbanekomiteen. Han var i 1906 mellom dei representantane som deltok i Stortinget sin deputasjon til kongekroninga i Trondheim.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Ordførarar i Åmot Kategori:Venstreordførarar i Hedmark Kategori:Folk frå Åmot