Nordland (sørsamisk: Nordlaante; lulesamisk: Nordlánnda; nordsamisk: Nordlánda) er eit norsk fylke. Det er det synste fylket i Nord-Noreg. Fylket er inndelt i distrikta Helgeland, Salten, Ofoten, Lofoten og Vesterålen. Administrasjonssenteret ligg i Bodø.

Nordland grensar til Troms fylke i nord, til Trøndelag fylke i sør, og til dei svenske fylka Norrbottens län og Vesterbottens län i høvesvis nordaust og søraust. Utanfor kysten i vest ligg Norskehavet.

Fylket er parlamentarisk styrt. Fylkesrådet er leia av Marianne Dobak Kvensjø frå Høgre, medan Eivind Holst frå Høgre er fylkesordførar.

Kommunar Folketala i oversynet under er frå SSB per . Nr.NamnAdm.senterFolkemengdFlatevidd (km²)MålformDistrikt180420px|Bodø kommune BodøBodønøytralSalten180620px|Narvik kommune NarvikNarvikOfoten181120px|Bindal kommune BindalTerråkbokmålHelgeland181220px|Sømna kommune SømnaVik181320px|Brønnøy kommune BrønnøyBrønnøysundnøytral181520px|Vega kommune VegaGladstadbokmål181620px|Vevelstad kommune VevelstadVevelstad181820px|Herøy kommune HerøySivalen182020px|Alstahaug kommune AlstahaugSandnessjøennøytral182220px|Leirfjord kommune LeirfjordLeland182420px|Vefsn kommune VefsnMosjøen182520px|Grane kommune GraneTrofors182620px|Hattfjelldal kommune HattfjelldalHattfjelldal182720px|Dønna kommune DønnaSolfjellsjøenbokmål182820px|Nesna kommune NesnaNesna183220px|Hemnes kommune HemnesKorgennøytral183320px|Rana kommune RanaMo i Rana183420px|Lurøy kommune LurøyLurøybokmål183520px|Træna kommune TrænaHusøya i Træna183620px|Rødøy kommune RødøyVågaholmennøytral183720px|Meløy kommune MeløyØrnesbokmål183820px|Gildeskål kommune GildeskålInndyrnøytralSalten183920px|Beiarn kommune BeiarnMoldjordbokmål184020px|Saltdal kommune SaltdalRognan184120px|Fauske kommune FauskeFauske184520px|Sørfold kommune SørfoldStraumen184820px|Steigen kommune SteigenLeinesfjord185120px|Lødingen kommune LødingenLødingenOfoten185320px|Evenes kommune EvenesBogen185620px|Røst kommune RøstRøstlandetLofoten185720px|Værøy kommune VærøySørland185920px|Flakstad kommune FlakstadRambergnøytral186020px|Vestvågøy kommune VestvågøyLeknes186520px|Vågan kommune VåganSvolvær186620px|Hadsel kommune HadselStokmarknesbokmålVesterålen186720px|Bø kommune BøBø i Vesterålennøytral186820px|Øksnes kommune ØksnesMyre187020px|Sortland kommune SortlandSortland187120px|Andøy kommune AndøyAndenes187420px|Moskenes kommune MoskenesReineLofoten187520px|Hamarøy kommune HamarøyOppeidSalten1820px|Nordland fylke NordlandBodønøytralNordland

Venskapsbyar Leningrad oblast Arkhangelsk oblast Klima Trass i at Nordland har ei stor utstrekning frå nord til sør, er klimaet langs kysten forholdsvis einsarta nord til Lofoten og Vesterålen, som i mange situasjonar markerer eit vêrskilje. Fylket ligg særskild utsett til for lågtrykk som vert danna i Island- og Jan Mayen-området og går raskt mot aust.

Den vanlegaste vindretninga er hovudsakleg frå sørvest, men det er store variasjonar. Kald utfallsvind frå søraust og aust, særskild sterk ved fjordmunningane, er vanleg om vinteren og kan nå kuling styrke, og ein sjeldan gong storm, når eit kraftig lågtrykk kjem frå vest. I roleg sommarvêr bles det gjerne frå nord eller nordvest ved kysten og innover dei større fjordane. Det er liten kuling eller meir kring 10 % av tida, medan det er storm under 1 % av året.

Nærleiken til havet gjer at februar som regel er den kaldaste månaden. Middeltemperaturen er kring 0 °C på kysten og øygruppene. Ingen andre stader på same breiddegrader har eit så mildt vinterklima som Lofoten. Dei skjerma innlandsområda nær svenskegrensa er kaldast i januar med temperaturar kring –5 til –10 °C. Middeltemperaturen for juli varierer mellom 11 °C ytst i Lofoten til 14–15 °C i indre strøk.

Årsnedbøren varierer med terrenget frå 600-700 mm på dei ytste øyane til over 2000 mm i kystnære fjellområde. I Lofoten og Vesterålen kan ein særskild sjå store skilnader i nedbørsveridane over korte distansar, noko som hovudsakleg kjem av at sjølv moderate høgder kan utløyse og forsterke byenedbør. I dalstrøka lengst aust er årsnedbøren kring 500–750 mm. Her kjem det mest nedbør om sommaren, medan kysten får mest nedbør på hausten.

Politikk Det er 45 representantar i fylkestinget.

Partifordeling etter valet i 2023: Parti: Representantar: Arbeidarpartiet 11 Høgre 11 Framstegspartiet 6 Senterpartiet 5 Sosialistisk Venstreparti 4 Raudt 3 Venstre 1 Kristeleg Folkeparti 1 Miljøpartiet dei grøne 1Industri og næringspartiet2

Kjelder

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fylke i Noreg Kategori:Barentsregionen