Sigerslauk (Allium victorialis) er ein art i laukslekta i påskeliljefamilien. Han veks frå fjella sørvest i Europa gjennom Alpane og Karpatane, til Kaukasus, Ural, Altajfjella, Japan og Aleutane. Han heiter òg alpinlauk, av di han oftast veks over skoggrensa.

mini|venstre|Blomen mini|Sigerlaukfrø.

I Noreg er sigerslauken ei innført prydplante som sidan har etablert seg i skog og ved elveøyrer. På 1920-talet vart han funnen i hagar og ved kyrkjer i Lofoten, særleg på Vestvågøy, der han har hatt namnet amerikalauk. Sigerslauken er elles funnen i Asker, Indre Hardanger og Fauske. I Framandartslista 2023 er arten registrert med potensielt høg risiko (PH), oppgradert frå låg risiko (LO) i 2018.

Sigerslauken har vore mykje nytta i europeisk folkemedisin og var ofte tilskriven magisk kraft.Nils von Hofsten: Segerlöken, Allium victorialis i folktro och folkmedicin. Uppsala 1958

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Seiersløk» frå , den 12. desember 2012.

Kategori:Grønsaker Kategori:Laukslekta