Cape Waite er eit nes heilt nordvest på King Peninsula, på sørvestsida av innløpet til Peacock Sound. Det vart skissert ned frå flyfoto teken under U.S. Navy Operasjon Highjump i desember 1946. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Amory H. Waite frå Byrd-ekspedisjonen, 1933–35 og seinare U.S. Navy Bellingshausen Sea Expedition 1959-60. Waite undersøkte dei mange flystyrtane i Antarktis og oppdaga at somme radarfrekvensar ikkje vert reflekterte frå isoverflata, men gjekk igjennom til landoverflata og gav falske høgdemålingar. Denne oppdaginga gjorde flyginga tryggare og at ein byrja å bruke radioglasiologi til å kartlegge topografien til landflata under isen.BBC BBC Four, 8:00PM Thu, 27 Oct 2011, The Secret Life of Ice av Doctor Gabrielle Walker
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Cape Waite» frå , den 12. desember 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Nes i Ellsworth Land