Stortingsvalet 1945 var det fyrste stortingsvalet i Noreg etter andre verdskrigen, den 8. oktober 1945. Valet var ein stor siger for Arbeidarpartiet, som fekk seks nye mandat og fleirtal åleine i Stortinget, endå dei gjekk tilbake i røystetal. Einar Gerhardsen si andre regjering vart danna etter valet. Ein annan stor vinnar var Norges Kommunistiske Parti, som gjorde sitt klart beste val nokonsinne og gjekk fram frå å vera eit miniparti før krigen til å få 11 stortingsmandat. Kristeleg Folkeparti stilte for første gong til val som eit landsdekkande parti, og fekk òg eit godt resultat. Fleire parti som hadde stilt ved det siste valet, i 1936, kom ikkje tilbake denne gongen, først og fremst Samfundspartiet, Nasjonal Samling, Frisindede Folkeparti og Det Radikale Folkeparti.

Resultat PartiDel av røystene (%)Endring i høve til 1936MandatEndring i høve til 1936Arbeidarpartiet 41,0- 1,576+ 6Høgre 17,0- 4,325- 11Venstre13,8- 2,220- 3Norges Kommunistiske Parti 11,9+ 11,611+ 11Bondepartiet 8,0- 3,510- 8Kristeleg Folkeparti 7,9+ 6,68+ 6Sogn og Fjordane fiskar- og småbrukarparti0,2+ 0,200Nytt Norge0,1+ 0,1 00Total10001500

Kjelder

Stortingsforhandlinger 1945-46 (Oslo, 1947)

Bakgrunnsstoff Stortingsvalget 8.10.1945 Norsk Krigsleksikon Stortingsvalget 1945. Godkjente stemmer etter parti/valgliste. Kommune. Prosent Statistisk Sentralbyrå

1945 Kategori:Val i 1945 Kategori:Hendingar i 1945 Kategori:1945 i Noreg