Olav Jensson Myklebust () var ein gardbrukar og stortingsmann frå Kvinnherad. Han representerte Venstre på Stortinget frå 1913 til han døydde i 1938.
Myklebust var son til ein gardbrukar, han voks opp på garden Røysland til 1881. Familien flytta då til odelsgarden på Myklebust. Vintrane 1883/84 og 1884/85 gjekk han i privatskule på Rosendal i Kvinnherad. I 1898 overtok han farsgarden og dreiv denne i fleire tiår. Frå 1904 var han medlem av heradsstyret, varaordførar 1910-13.
Valperiodane mellom 1913 og -21 representerte Myklebust Indre Sunnhordland krins på Stortinget. Fyrste treårsperioden var han medlem av næringskomite nr 2, i dei to neste treårsperiodane nestformann i same. Frå 1922 til han døydde representerte han Hordaland fylke. Tida 1922-30 var han formann i næringskomite nr 2, deretter formann i helsekomiteen til han døydde.
Myklebust var president i Lagtinget 1931-36 og varapresident i Stortinget 1937-38. Elles var han med i ulike spesialkomitear på Stortinget, mellom anna i leiande posisjonar i fullmaktskomiteen. Han var også med i fleire offentlege utval; formann i Tuberkulosenemndi av 1923.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar for Søndre Bergenhus amt Kategori:Stortingsrepresentantar for Hordaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Lokalpolitikarar i Kvinnherad Kategori:Venstrepolitikarar i Hordaland Kategori:Folk frå Kvinnherad