mini|høgre| Elvedalen til Taramaku River. Taramakau-elva er ei elv nordvest på Sørøya på New Zealand i distriktet Westland. Ho har utspringet i Dampier and Crawford Ranges i Søralpane, 80 kilometer aust for Hokitika, like under Harper's Pass. Elva renn 75 km i vestleg retning og munnar ut i Tasmanhavet, 15 km sør for Greymouth.
Elva har fleire mindre sideelver, den einaste av betydning av desse er Otiraelva, og elvedalen til denne dannar den vestlege tilgangen til Arthur's Pass.
I elva finst dei innførte fiskeslaga bekkeaure og regnbogeaure og laks.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Taramakau River» frå , den 9. desember 2012.
Kategori:West Coast på New Zealand Kategori:Elver på New Zealand