Alf Petter Wessel Tjøme () var ein ingeniør, bankmann og stortingsmann frå Kristiania.

Tjøme tok eksamen ved den tekniske skulen i Kristiania og var deretter eitt år ved same skuleslaget i Dresden i Tyskland. Frå 1879 var han vernepliktig sekondløytnant. Han busette seg i 1883 i Kristiansund, der han var ingeniør, bankkasserar og -revisor.

Alf Petter Tjøme var medlem av bystyret i Kristiansund i mange år, og var ei tid ordførar. Han vart vald til stortingsmann for byen og for partiet Venstre for perioden 1900-03. På tinget var han medlem av budsjettkomiteen.

Han døydde i Berlin allereie på tampen av året 1900, same året som han hadde teke sete på Stortinget.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Folk frå Oslo