The Turret er eit kjenneleg, klipperikt nes, 460 meter over havet, ved sørsida av innløpet til Gibbon Bay på austkysten av Coronation Island i Sør-Orknøyane. Det vart truleg oppdaga av kaptein George Powell og kaptein Nathaniel Palmer som oppdaga desse øyane i desember 1821. Det vart kartlagd og gjeve dette skildrande namnet av mannskap på RRS «Discovery II» under Discovery Investigations i 1933. Turret er eit engelsk ord for eit lite tårn.
Kjelder
Turret, The