Scott Walker ()Interview in Beat-Club, Radio Bremen, 26. April 1969 var ein amerikansk-britisk songar og låtskrivar, komponist og plateprodusent. Han var kjend for den særeigne barytonstemma si (ein gong skildra som «ei av dei finaste stemmene nokon gong som syng om kjenslemessig smerte og det store ukjende») og for den uortodokse karriereretninga som tok han frå popikon i 1960-åra til eksperimentell musikar på 2000-talet.
Han vart opphavleg kjend på midten av 1960-åra som frontmann i The Walker Brothers, som spelte popballadar med orkester, før han starta ein solokarriere som balanserte popballadar med stadig meir utførlege kunstnariske arrangement og låtskriving. Trass i ei rekkje kritikarroste album, selde platene dårleg, og han vart tvinga attende til standard popmusikk der han i langt mindre grad kunne påverke det kunstnariske resultatet. Dette førte etter kvart til ei gjenforeining med Walker Brothers i midten av 1970-åra, sjølv om dei då hadde gått inn i eit meir eksperimentelt musikalsk område.
Sidan midten av 1980-åra tok Walker opp att solokarrieren sin og på drastisk vis fann han opp på ny dei kunstnariske metodane sine og måten han skreiv songar på med fleire kritikarroste og særs eksperimentelle album. Desse kombinerte den ikoniske vokalen hans, ein uroleg avantgarde tilnærmingsmåte som låg nærare modernistisk og postmodernistisk klassisk musikk enn popmusikken frå fortida hans. Denne endringa har vorte samanlikna med «Andy Williams finn opp seg sjølv som Stockhausen».
Walker hadde ein aktiv karriere fram til han døydde og hadde i seinare år kontrakt med 4AD Records. Som plateprodusent eller gjesteartistar har han arbeidd med mange artistar som John Maus, Pulp og Bat For Lashes.
Trass i at Walker var amerikanar, har han stort sett hatt suksess frå Storbritannia, der dei første fire soloalbuma hans nådde Topp 10. Walker budde i Storbritannia sidan 1965 og vart britisk borgar i 1970.
Musikalsk karriere Tidleg historie
Noel Scott Engel vart fødd i 1943, som son av ein oljeindustrileiar, som flytta med familien til Ohio, Texas, Colorado og New York. Scott og mora slo seg etter kvart ned i California i 1959. Scott var først ikkje særleg interessert i å bli songar, men var interessert i musikk og hadde vore barneskodespelar og barnesongar seint i 1950-åra. Han song fleire gonger i fjernsynsprogrammet til Eddie Fisher og spelte inn fleire songar, ein av dei kalla «Misery», og var ei kort stund marknadsført som tenåringsidol.
Då han kom til Los Angeles hadde Scott alt endra både musikalsk smak og retning. Han var interessert i progressiv jazz av Stan Kenton og Bill Evans og kalla seg sjølv «ein kontinental, dresskledd, naturleg fiende til California-surfaren» og ein tilhengjar av europeisk film (særleg Ingmar Bergman, Federico Fellini og Robert Bresson) og beat-diktarar. Han gjekk på kunstskule og fordjupa seg i interessa si for film og litteratur. Scott spelte bassgitar og var dyktig nok til at han fekk spele som studiomusikar i Los Angeles, sjølv om han framleis berre var tenåring.
I 1961, etter å ha spelt med The Routers, møtte han gitaristen og songaren John Maus, som då alt hadde teke artistnamnet John Walker på eit falskt ID-kort, slik at han kunne komme inn på nattklubbar han ikkje var gamal nok for. Først skipa dei eit nytt band, Judy and the Gents, i lag med syster til Walker, Judy Maus, før dei slo seg saman med andre musikarar og turnerte som The Surfaris (men dei spelte ikkje på the Surfaris-platene). Tidleg i 1964 byrja Scott og John Walker å arbeide i lag som The Walker Brothers, og fekk seinare det året med seg trommeslagaren Gary Leeds. Faren til Leeds betalte den første reisa deira til Storbritannia.Biography at official John Walker website
1964–1967: The Walker Brothers
The Walker Brothers dyrka ein familievennleg utsjånad som flotte menn med skinande hår. Påverka av Maus tok kvar av medlemmane namnet «Walker» som artistnamn (Scott har nytta dette sidan, utanom ei kort stund då han gav ut det fjerde soloalbumet Scott 4). I starten var John gitarist og frontmann med Gary på trommer og Scott på bassgitar og hovudsakleg harmonivokal. Tidleg i 1965 spelte bandet på fjernsynsshowa Hollywood A Go-Go og Shindig og hadde spelt inn dei første songane sine i studio, men starten på suksessen kom først då dei reiste til andre sida av Atlanteren.
Som studiotrommeslagar hadde Leeds nyleg turnert i Storbritannia med P.J. Proby og overtydde både John og Scott om at dei skulle prøve lukka med han i det britiske popmiljøet. The Walker Brothers kom til London tidleg i 1965. Den første singelen deira, «Pretty Girls Everywhere» (med John på solovokal) gjekk så vidt inn på salslista. Den neste singelen, «Love Her» – med den djupare barytonstemma til Scott på førstestemme – vart ein større hit. Leiarane i Philips, det britiske plateselskapet deira, merka seg amerikanarane og byrja å marknadsføre dei, og Scott erstatta John som frontmann.
Den neste utgjevinga til The Walker Brothers, «Make It Easy on Yourself», ein ballade av Bacharach/David, gjekk heilt til topps på UK Singles Chart (16. plass i USA) då han kom ut i august 1965. Etter ein ny hit med «My Ship Is Coming In» (3. plass i Storbritannia), kom den andre førsteplassen deira (13. plass i USA) med «The Sun Ain't Gonna Shine Anymore», som nådde toppen av lista tidleg i 1966 og i løpet av kort tid voks den offisielle fanklubben deira og vart større enn den offisielle fanklubben til The Beatles, sjølv om dette ikkje indikerer at the Walker Brothers faktisk hadde fleire tilhengjarar enn Beatles. Uansett fekk bandet, og særleg Scott, stjernestatus.
Det var alltid vanskeleg å finne høvande songar. Lydmiksen til The Walker Brothers i 1960-åra nytta seg av «wall of sound»-teknikkane til Phil Spector med symfonisk orkestrering framført av dei fremste musikarane og arrangørane i Storbritannia. Scott var medprodusent på innspelingane til bandet gjennom denne perioden (i lag med produsenten Johnny Franz), og har sidan hevda i intervju at det var han som skapte lydbiletet. Mange av dei tidlege songane deira hadde ein drivande rytme, men på Images, det tredje albumet deira, dominerte balladane.
Då Images kom ut hadde John Walker fått mindre innverknad i The Walker Brothers og dette første til gnissingar mellom han og Scott. Scott syns på si side det var stadig vanskeleg å spele i gruppa – «Det var mykje press. Eg kom opp med alle songane for gutane, og eg måtte finne songar og få innspelingane saman. Alle var avhengig av meg, og det vart for mykje for meg. Eg vart berre irritert til slutt.» Kunstnariske skilnader og stress på grunn av den enorme populariteten deira førte tila t The Walker Brothers vart oppløyst i 1967, sjølv om dei kom saman for ein kort turné i Japan året etter.
Dei siste to singlane til The Walker Brothers, «Stay With Me Baby» og «Walking in the Rain», slo mange tilhengjarar og kritikarar som retro, utdatert og eit steg attende til tidlegare pop. Dei nådde ikkje TOpp 10 og dette var utslagsgjevande for at Scott valde å legge ned gruppa.
1967–1974: Solo
For solokarrieren sin kasta Scott Walker av seg The Walker Brothers-kappa og arbeidde i ein stil ein kunne sjå glimt av på Images. I starten førte dette til at han heldt fram suksessen som bandet hadde hatt. Dei tre første albuma til Walker, kalla Scott (1967), Scott 2 (1968) og Scott 3 (1969), selde alle særs godt, og Scott 2 toppa den britiske albumlista.
I denne perioden kombinerte Walker den tidlegare tenåringsapellen med ei mørkare, meir idiosynkratisk tilnærming (som ein hadde sett hint av i songar som «Orpheus» på Images). Vokalstilen hans var den same som med Walker Brothers, men han trekte no ei fin linje mellom klassiske balladar, hittar frå Broadway og sine eigne songar, og tok òg med vågale innspelingar av Jacques Brel-songar (omsette av Mort Shuman, som òg skreiv musikalen Jacques Brel is Alive and Well and Living in Paris). Påverknaden frå Brel var viktig i låtskrivinga til Walker, som skreiv songar inspirerte av Brel og Léo Ferré i denne periodenYoung, Rob (2013). Scott: The Collection 1967–1970, Universal. og han utforska europeiske musikalske røter med sine eigne amerikanske røynsler og nådde eit modnare nivå som plateartist.
Walker utvikla seg òg som produsent. I 1968 (under ein kort turné med Walker Brothers i Japan), produserte han ein singel med den japanske rockegruppa The Carnabeats, med John Walker på vokal. Då han kom attende til Storbritannia, produserte han eit soloalbum for den musikalske leiaren og gitaristen i Walker Brothers, Terry Smith. I 1968 produserte Walker òg Ray Warleigh's First Album av jazzsaksofonisten Ray Warleigh. I følgje The Impossible Dream: The Story of Scott Walker and The Walker Brothers, vart «albumet til Warleigh spelt inn 13. desember og gjevne ut året etter, og hadde lite til felles med den meir esoteriske, progressive jazzen Scott likte på denne tida, og resultatet helte meir mot pynteleg muzak enn jazzfusion-retninga som var like rundt hjørnet.» I 1968 produserte Scott Walker òg solosingelen til John Maus, «Woman».
All merksemda som stjernelivet førte med seg sleit på Walker kjenslemessig. Han vart tilbaketrekt og noko distansert frå publikummet sitt. I 1968 kasta han seg ut i ein intens studie av moderne og klassisk musikk, mellom anna med ei reise til Quarr Abbey, eit kloster på Isle of Wight, for å studere gregoriansk song. Hans eigne songar gjekk gradvis mot Lieder og klassisk musikk.
På toppen av stjernelivet i 1969 fekk Scott Walker sitt eige fjernsynsshow på BBC TV, Scott, med soloframføringar av Walker av balladar, storbandstandarar, Brel-songar og hans eigne songar. Opptak frå dette showet er særs sjeldne, sidan opptaka ikkje vart arkiverte. I nyare intervju har Walker indikert at då han spelte inn det tredje soloalbumet sitt, hadde ein nytingssjuk sjølvtilfredsheit krype inn i valet hans av songar. Det fjerde soloalbumet hans – Scott: Scott Walker Sings Songs from his TV Series – syner problema han hadde med å prøve å finne ein balanse mellom sine eigne songar og presset frå underhaldningsindustrien og manageren Maurice King, som å prøvde å skape ein ny Andy Williams eller Frank Sinatra.
Etter å ha vorte skild frå King gav Walker ut det femte soloalbumet sitt, Scott 4, i 1969. Dette vart det første albumet hans med berre hans eigne songar. Standardane og Brel-songane var borte. Albumet gjekk ikkje inn på lista og vart sletta frå katalogen kort tid etter. Det har vorte spekulert i om avgjersla til Walker om å gje ut albumet under fødenamnet sitt Noel Scott Engel medverka til at det selde dårleg. Alle seinare utgåver av albumet er gjeve ut som Scott Walker.
Walker gjekk så inn i ein periode med sjølverklært kunstnarisk tilbakegang, og brukte dei neste fem åra på å lage plater «på rams, for å kome meg ut av kontrakten.» og trøste seg sjølv med å drikke. Det neste albumet hans 'Til the Band Comes In (1970) synte eit markant skilje mellom dei to sidene. Side A bestod av originale songar (hovudsakleg skrivne i lag med Ady Semel), medan B-sida berre bestod av coverversjonar. På dei neste albuma gav Walker ut fleire coverversjonar av populære filmsongar og flørta med country. The Moviegoer (1972), Any Day Now (1973), Stretch (1973) og We Had It All (1974) har ingen originale songar i det heile.
I dokumentaren frå 2006, Scott Walker: 30 Century Man, skildrar Walker denne tida som «dei tapte åra» hans når det gjaldt kreativitet. Han innrømde at han gav etter for presset rundt seg:
1975–1978: The Walker Brothers igjen