A/S Tønsbergs Hvalfangeri var eit norsk kvalfangstselskap som dreiv fangst i Sørishavet og vart stifta 1. oktober 1907.
Selskapet etablerte seg med det flytande kvalkokeriet «Bucentaur» («Busen») i Husvik Harbour i Strømnesfjorden på Sør-Georgia 24. desember 1907. I sesongen 1910/1911 vart aksjekapitalen utvida og ein landstasjon etablert i Husvik. Tønsbergs Hvalfangeri dreiv fangst først med to fangstbåtar, deretter tre og etterkvart fire fangstbåtar fram til nedlegginga av verksemda i Husvik i 1931. I dei 24 åra det var drift i Husvik vart 16 200 kval fanga og 900 000 fat kvalolje og 380 000 sekker guano produsert. Husvik vart opna på ny i 1945 og selt i 1960.
Frå 1920 til 1931 dreiv Tønsbergs Hvalfangeri òg kvalfangst rundt Sør-Orknøyane og i perioden 1925-27 med kvalfangst langs kysten av Peru.
Disponentar 1907–18 Oscar Hytten 1918–38 Hans Borge 1938–45 Fadum & Wang 1945–55 A. C. Olsen 1955– Bror von der Lippe
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tønsbergs Hvalfangeri» frå , den 3. desember 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff A/S Tønsbergs Hvalfangeri – Historien
Kategori:Næringsliv i Tønsberg Kategori:Historie i Tønsberg Kategori:Kvalfangstselskap Kategori:Skipingar i 1907