Siniff Bay er ei bukt mellom Verleger Point og Melville Point, langs kysten av Marie Byrd Land. Ho vart kartlagd av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1959-65. Ho vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Donald B. Siniff, leiaren for eit lag frå US Antarctic Research Program (USARP) som studerte weddellsel i McMurdo Sound-området 1971-72. Han arbeidde òg ved McMurdo Station dei tre føregåande somrane og deltok i International Weddell Sea Oceanographic Expedition i 1967-68.
Kjelder
Kategori:Bukter i Marie Byrd Land