Hjertøya er ei øy i Molde kommune, ti minutt sør for Molde sentrum.

Øya er smal og om lag 3 km lang. Arealet er 0,42 km². Hjertøya er eit mykje brukt friluftsområde, og det går rutebåt frå Molde i juni, juli og august. På Hjertøya ligg Fiskerimuseet, som er ein del av Romsdalsmuseet. Den tyske biletkunstnaren Kurt Schwitters budde ei tid på øya.

Hjertøya vart busett som husmannsplass på 1700-talet. Ved folketeljinga i 1900 budde det tre personar her.Folketeljing 1900 for Bolsøy herred, frå Digitalarkivet Det var fast busetjing på øya fram til 1950-talet.

Kjelder

Kategori:Øyar i Molde