Moore Embayment — på somme kart som Moore Bay — er ei stor isfyllt bukt mellom Shults Peninsula og Minna Bluff, langs nordvestsida av Rossisen. Ho vart oppdaga og namngjeven av kaptein Robert F. Scott under Discovery-ekspedisjonen i 1901-04. Admiral sir Arthur Moore, øvstkommanderande ved Cape Town, let ekspedisjonen nytte seg av ressursane i hamna i Cape Town på veg mot New Zealand og Antarktis.
Kategori:Bukter i Ross Dependency Kategori:Hillary Coast