mini|Julius Cæsar innleidde overgangen til romersk keisardøme. 1. hundreåret fvt. varte frå år 100 f.Kr. til 1 f.Kr. Det kom etter 100-talet f.Kr. og blei følgd av det første hundreåret med år 1. Tidsrekninga som byggjer på før og etter Kristi fødsel har ikkje noko år 0.
I løpet av hundreåret kom alle gjenverande sjølvstendige land rundt Middelhavet under romersk kontroll, anten styrt direkte av romarane eller av marionettekongar. Romarstaten gjekk gjennom fleire borgarkrigar som enda med å gjera slutt på den 500 år gamle romerske republikken og skipa Romarriket, leidd av ein keisar.
Viktige hendingar Jesus, grunnleggjaren av kristendommen, blei fødd mot slutten av hundreåret Den romerske borgarkrigen Byrjinga på dei tre koreanske kongedøma
Viktige personar Cæsar Augustus, romersk keisar Cicero, romersk politikar og forfattar Kleopatra VII av Egypt Horats, romersk diktar Julius Cæsar, romersk politikar Livius, romersk historikar Lucretius, romersk filosof Marcus Antonius, romersk politikar Ptolemaios XIII av Egypt Ovid, romersk diktar Virgil, romersk diktar Spartakus, gladiator og slaveopprørar Tigranes den store av Armenia