«Thala Dan» var ein isbrytar som vart nytta i teneste for Australia i Antarktis i 1950- og 1960-åra. Etter suksessen med «Kista Dan» bygde det danske selskapet J Lauritzen Lines to skip til av same type, men større og kraftigare. «Magga Dan» og «Thala Dan» vart begge bygde og forsterka for fart i polare farvatn.

«Thala Dan» vart bygt i 1957 ved Aalborg Værft i Danmark.

Sjølv om skipet var godt utrusta for istilhøva i polare strok, var det ikkje verna mot menneskeleg feil, og 16. januar 1959 gjekk skipet på land utanfor Davis Station. Det vart slått hol i skroget og olje lak ut i sjøen. Dette hadde ein rar effekt på pingvinane like ved som byrja å stupte ut av vatnet og ned i olje som om dei trudde det var isflak. Mannskapet klarte å stoppe lekkasjen på eiga hans og kom seg inn til Davis Station for reparasjonar.

Skipet var i drift for Australia frå 1957 til 1982Australian Antarctic Division Thala Dan 1957-82 Retrieved October 26, 2007., og vart nytta til å sende forsyningar til dei australske basane ved Macquarieøya, Mawson-stasjonen, Davis-stasjonen, Wilkes-stasjonen og Casey-stasjonen i tillegg til enkelte turar til Heardøya, den russiske Mirny-stasjonen, den franske Dumont d'Urville-stasjonen og andre oppdrag.

I 1982 vart «Thala Dan» seld til den brasilske marinen, som kalla ho «Barao de Teffé» og nytta ho til ekspedisjonar i Antarktis fram til 2002. I lag med to andre Lauritzen-skip («Kista Dan» og «Nella Dan»), vart ho avbilda på eit frimerke frå Australsk Antarktis i 2003.Australia Post:AAT Antarctic Ships Retrieved October 26, 2007.

I 2007 vart det rapportert om at den tidlegare M.V. «Thala Dan» venta på å bli opphogd i Rio de Janeiro.Berg, Jorgen, 2007:CV for Captain Jorgen Berg Retrieved October 26, 2007. Etter at eit mislukka australsk forsøk på kjøpe «Thala Dan» og gjere ho om til museumskip, vart ho opphogd i Rio de Janeiro i oktober 2007.Maritime Heritage Association of Victoria newsletter #15 Retrieved March 23, 2008

Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Thala Dan» frå , den 26. november 2012. oppgav desse kjeldene:

«Thala Dan» på Australian Antarctic Division

Kategori:Danske isbrytarar Kategori:Skip frå 1957 Kategori:Skip sluttsegla i 2007 Kategori:Australia og Antarktis