Bancroft Bay er ei bukt som ligg mellom Charlotte Bay og Wilhelmina Bay, langs vestkysten av Graham Land. Bukta vart først grovt skissert av Belgica-ekspedisjonen under Gerlache i 1897–99. Ho vart kartlagd på ny av Falkland Islands Dependencies Survey frå flyfoto tekne av Falkland Islands and Dependencies Aerial Survey Expedition, 1955–57, og vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee i 1960 etter Anthony D. Bancroft, landmålar under den sistnemnte ekspedisjonen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bancroft Bay» frå , den 25. november 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Bukter i Graham Land Kategori:Danco Coast