Kjetil Mårdalen () var ein kombinertløpar og langrennar frå Tinn kommune, der han også døydde. Han vann bronsemedaljen i kombinert under verdsmeisterskapen i 1954 i Falun. Året etter gjekk han heilt til topps i Svenska skidspelen. Mårdalen representerte Tinn Skilag. Langrennaren Jon Mårdalen var far hans.

Aktiv Kjetil Mårdalen kom på sjetteplass i kombinertrennet under ski-VM 1950 i Lake Placid i USA. Året etter tok han sølvmedaljen i noregsmeisterskapen; 4,5 poeng bakom Simon Slåttvik, men 1,4 poeng framom Sverre Stenersen.

I VM på ski i 1954 i Falun tok norske idrettsmenn dei fem fyrste plassane i kombinert; Sverre Stenersen vart verdsmeister framom Gunder Gundersen, med Mårdalen på bronseplass. Under den Svenska skidspelen for 1955 i Nässjö gjekk Mårdalen heilt til topps, nær fire poeng framom Eero Kemppainen frå Finland og nesten ti føre sin eigen landsmann, Arne Barhaugen. Mårdalen deltok for Noreg også i 1956 i Cortina d'Ampezzo og vart nummer 14 i det olympiske kombinert-rennet.

Han la opp i 1956.

Medaljar og esteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1949: Nr 4 i Holmenkollen 1950: Nr 6 i VM i Lake Placid. Nr 3 i Holmenkollen 1951: Nr 3 i Holmenkollen og i Lahti 1953: Nr 3 i Svenska skidspelen i Falun 1954: Bronsemedalje under ski-VM i Falun 1955: Vinnar i Svenska skidspelen i Nässjö 1956: Nr 5 i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1950: Nr 4 i kombinert Ski-NM 1951: Sølvmedalje i kombinert Ski-NM 1953: Nr 4 i kombinert Ski-NM 1954: Bronsemedalje i kombinert og nr 5 på 15 km langrenn på Kongsvinger Ski-NM 1955: Nr 4 på Voss i kombinert

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kjetil Mårdalen» frå , den 24. november 2012.

Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff Profil på FIS-Ski.com

Kategori:Norske kombinertløparar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Folk frå Tinn