Carl R. Eklund () var ein amerikansk spesialist i ornitologi og geografisk utforsking av både nordlege og sørlege polarområde.

Frå 1939-1941 tente han som ornitolog ved East Base i U.S. Antarctic Service. Dette var den første moderne amerikanske statsstøtta ekspedisjonen til Antarktis, og den tredje ekspedisjonen som kontreadmiral Richard E. Byrd kommanderte i Antarktis. I tillegg til å samle inn dyr for staten gjennomførte Eklund ei av dei lengste hundesledeturane i Antarktis nokon gong, i lag med norskamerikanaren Finn Rønne. Øyane som vart oppdaga ved vendepunktet for denne reisa vart kalla Eklund Islands.

Han vart utpeikt som den første vitskaplege leiaren ved Wilkes Station i Antarktis.

Han tok doktorgraden i zoologi og geografi ved University of Maryland, og hadde batchelorgrad frå Carlton College.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Carl R. Eklund» frå , den 24. november 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:USA-amerikanske geografar Kategori:USA-amerikanske ornitologar Kategori:USA-amerikanske antarktisfararar Kategori:USA-amerikanske polfararar