HMS «Challenger» var ein dampdriven korvett i Pearl-klassen i Royal Navy (den britiske marinen). Det vart sjøsett 13. februar 1858 ved Woolwich Dockyard. «Challenger» var flaggskipet til Australia Station mellom 1866 og 1870.Bastock, s. 47-48.
Skipet vart bestilt som eit skuleskip for den britiske kystvakta og Royal Naval Reserve ved Harwich i juli 1876.
Som ein del av North America and West Indies Station tok «Challenger» i 1862 del i operasjonane mot Mexico, inkludert okkupasjonen av Vera Cruz. Det vart flaggskipet til Australia Station i 1866 og i 1868 vart det gjort straffeoperasjonar mot somme folk på Fiji for å hemne mordet på ein misjonær og somme av hjelparane hans. Skipet drog ut frå Australian Station seint i 1870.
«Challenger» vart vald ut til å utføre den første globale marine forskingsekspedisjonen, Challenger-ekspedisjonen. For å kunne gjere sondemålignar i djupna måtte alle utanom to av kanonane på skipet fjernast og rundholtane måtte gjerast kortare for å gje meir plass. Laboratorium, ekstra lugarar og ein spesialbygd dreggdekk vart bygt. Skipet vart lasta med glaskolbar, alkohol for bevaring av prøvane, mikroskop og kjemiske apparat, trål og dregg, termometer og vassprøveflasker, sondelodd og utstyr for å hente opp sediment frå havbotnen, og store mengder tau for å heise utstyret ned i havdjupna. I alt hadde skipet med 291 km med italiensk hamp.
«Challenger» hadde eit mannskap på 243 offiserar, vitskapsfolk og mannskap på reisa som var på .
Trass i suksessen med Challenger-ekspedisjonen, leid «Challenger» ein skamleg lagnad. Skipet vart seld til Chatham Dockyards i 1878 og vart verande i reserve fram til 1883, då det vart ombygd til losjiskip i River Medway. Her vart det verande til det vart seld til J. B. Garnham den 6. januar 1921 og hogd opp for koparbotnen i 1921.
Berre gallionsfiguren er att frå skipet. Dette står på utstilling i foajeen til National Oceanography Centre i Southampton. Den amerikanske romferja «Challenger» vart kalla opp etter dette skipet.Space Shuttle Challenger at the Kennedy Space Centre website .
Bilete
Kjelder Denne artikkelen bygger på «HMS Challenger (1858)» frå , den 23. november 2012. oppgav desse kjeldene: Bastock, John (1988), Ships on the Au Station, Child & Associates Publishing Pty Ltd; Frenchs Forest, Australia. ISBN 0-86777-348-0
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skip frå 1858 Kategori:Skip sluttsegla i 1921 Kategori:Britiske korvettar Kategori:Britiske ekspedisjonsfartøy Kategori:Britiske forskingsskip