Balsfjord kvit geitost, eller Balsfjordost, var ein halvfast løypeost av geitemjølk produsert av TINE. Han vart ysta ved TINE Meieriet Storsteinnes i Balsfjord i Troms. Osten vart først introdusert tidleg på 1980-talet. I 2021 stoppa Tine produksjonen av osten.

Osten var syrleg med mild geitemjølksmak og kan minne om TINE Gräddost å sjå til, småpipete, sylinderforma og med ein smidig konsistens.

Balsfjord kvit geitost vart tidlegare laga av ei blanding av geitemjølk og kumjølk. Deretter vart osten ysta av berre geitemjølk.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Om Balsfjord kvit geitost på nettstaden til TINE

kategori:Geitostar Kategori:Norske ostar Kategori:Løypeostar Kategori:Balsfjord kommune