Pidgeon Island er ei klipperik øy i Antarktis mellom Midgley Island og Mitchell Peninsula i Windmill Islands. Ho vart først kartlagd frå flyfoto teken av US Navy Operasjon Highjump og Operasjon Windmill i 1947 og 1948. Ho vart namngjeven av US-ACAN etter E. C. Pidgeon flyfotograf under Operasjon Highjump i området. Ein trudde tidlegare at den austlege delen av øya var ei eiga øy som først fekk namnet O'Brien Islet. Namnet O'Brien vert i dag nytta om vika nord for Mitchell Peninsula.
Lynsky Cove Lynsky Cove er ei vik på nordsida av øya. Ho vart namngjeven av US-ACAN etter sjefsbyggar James E. Lynsky i US Navy ved Wilkes Station i 1958.
Sjå òg Composite Antarctic Gazetteer Antarktiske og subantarktiske øyar Antarktiske øyar sør for 60 °S SCAR kravområde i Antarktis
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pidgeon Island» frå , den 15. november 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Windmill Islands