Kari Stai () er ein norsk illustratør, biletkunstnar, grafisk designar og barnebokforfattar.
Bakgrunn og arbeid
Kari Stai kjem frå Inderøy kommune i Nord-Trøndelag. Ho har studert ved Høgskolen i Telemark (1996-1999), Oslo Tegne- og Maleskole (1993-1996) og Kunsthøgskolen i Oslo (2000-2005) der ho tok hovudfag i visuell kommunikasjon. Ho har sidan særleg arbeidd med illustrasjon i tidsskrift og bøker. I 2008 debuterte ho som forfattar med biletboka Jakob og Neikob, «ei humoristisk og surrealistisk forteljing om vennskap, uvennskap og utlandet».Det norske samlaget om Jakob og Neikob 2008 I 2010 kom Blodrik og Blodfabrikken. Båe bøkene er skrivne på nynorsk og gjevne ut på Det Norske Samlaget. Illustrasjonane er prega av klåre linjer, jamne flater i få, avstemte fargar, stiliserte figurar, geometriske former og eit grafisk uttrykk.
Ho er medlem av NBK, Tegnerforbundet og Grafill, og er kjøpt inn av Nasjonalbiblioteket, Nils Aas Kunstverksted og Inderøy Kunstforening.
Stai er gift med illustratøren og gallerileiaren Henning Lystad. Dei er busette på Straumen i Inderøy. Kari Stai var med i illustratørfellesskapet Patron i Oslo frå 2005 til 2009.
Bokutgjevingar Barnebøker med eigen tekst 2008: Jakob og Neikob - biletbok 2010: Blodrik og Blodfabrikken - biletbok 2011: Mopp og Mikko elskar mat - peikebok 2011: Mopp og Mikko elskar ting - peikebok 2011: Mopp og Mikko elskar kjøretøy - peikebok 2011: Mopp og Mikko elskar dyr - peikebok 2012: Jakob og Neikob : tjuven slår tilbake - biletbok
Prisar og utmerkingar 2004–2007: Gull og diplom i Visuelt-konkurransen 2008: Inderøy Mållags målpris 2009: Kulturdepartementets debutantpris for barnebøker frå 2008 for Jakob og Neikob 2009: Diplom i Årets vakreste Bøker 2012: Brageprisen for Jakob og Neikob : tjuven slår tilbake 2012: Kritikarprisen for Jakob og Neikob : tjuven slår tilbake 2016: Nord-Trøndelag fylkes kulturprisFylkets kulturpris går til Kari Stai ; Trønder-Avisa, 6.12.2016 2018: Festivalforfattar for Falturiltu-festivalenFestivalforfattarar
Referansar Denne artikkelen bygger på «Kari Stai» frå , den 11. november 2012.
Bakgrunnsstoff
Heimeside med bileteksempel, CV osb. Samlaget sin presentasjon med bokmeldingar o.a. Animasjonsfilm av Jakob og Neikob, laga av Martine Grande
Kategori:Folk frå Inderøy Kategori:Forfattarar frå Nord-Trøndelag Kategori:Norske illustratørar Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Vinnarar av Brageprisen Kategori:Vinnarar av Kritikerprisen