Øyvind Torseter () er ein norsk biletkunstnar, illustratør, teikneserieskapar og forfattar.
Han har illustratørutdanning frå Merkantilt Institutt i Oslo (1991–1992), Skolen for Grafisk Design i Oslo (1992–1994) og Kent Institute of Art and Design i Maidstone (1995–1998). Han har illustrert fleire biletbøker, blant anna den prisløna Klikk frå 2004 med eigen tekst.
Torseter arbeider både med tradisjonelle og digitale biletteknikkar, særleg med vekt på teikning. Han eksperimenterer og med grafiske effektar og tredimensjonale papirklipp. Teikningane i bøkene kan både vere illustrasjonar til ein handlingsorientert tekst, men og leik og eksperiment med fri teiknekunst som inneheld detaljar og historier med stort tolkingsrom. Torseter vert av mange sett som ein av Noregs fremste unge biletbokkunstnarar og teiknarar.
Øyvind Torseter bur og arbeider i Oslo.
Bibliografi Eigne bøker 2002: Mister Random 2004: On the road again, again 2004: Klikk 2005: For en neve havre 2007: Avstikkere 2009: Gravenstein 2012: Hullet
Illustrasjonar til andre sine tekstar 1999: Tor Arve Røssland: Pode – barnebok 1999: Finn Øglænd: Vers på tvers. Dikt og tekster for barn 2000: Tor Arve Røssland: Pode mister fotfestet 2002: Tor Arve Røssland: Pode får snue 2002: Bjørn Sortland: Plutselig ville eg ikkje laga dorulldyr lenger 2006: Roald Kaldestad: Englefjell 2006: Tor Arve Røssland: Anti-Pode 2006: Bjørn Sortland: Den gongen eg liksom-døydde 2007: Radiorådet. Radiorådet : din redningsbøye på livets stormfulle hav 2008: Stein Erik Lunde: Eg kan ikkje sove no 2009: Jon Fosse: Spelejenta 2010: Tore Renberg: Gi gass, Ine 2010: Kurt Johannessen: Å kysse ein frosk 2011: Tore Renberg: He he, Hasse
Litterære prisar m.m. (utval) 1999: Kultur- og kyrkjedepartementets illustrasjonspris for barne- og ungdomslitteratur for Pode (forfattar Tor Arve Røssland) 2004: Sproingprisen (Beste nykomar) for Samlivstrøbbel og sirkus (saman med Bjørn Sortland) 2004: Kultur- og kyrkjedepartementets biletbokpris for barne- og ungdomslitteratur for Klikk 2007: Kultur- og kyrkjedepartementets illustrasjonspris for barne- og ungdomslitteratur for Klar ferdig gå! (forfattarar Beate Grimsrud og Inger Alfvén) 2008: Bologna Ragazzi Award for Avstikkere 2008: Kyrkje- og undervisningsdepartementets biletbokpris for Eg kan ikkje sove no (saman med Stein Erik Lunde) 2010: Kultur- og kyrkjedepartementets biletbokpris for barne- og ungdomslitteratur for Gi gass, Ine (saman med Tore Renberg) 2011: Bokkunstprisen 2012: Illustrationspreis für Kinder- und Jugendbücher des Gemeinschaftswerks der Evangelischen Publizistik (GEP, Tyskland)) for Papas Arme sind ein Boot 2015 Kritikerprisen for beste bok for born eller ungdom for Mulegutten
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Øyvind Torseter» frå , den 10. november 2012.
Bakgrunnsstoff
Norsk barnebokinstitutt sin minipresentasjon med bileteksempel
Kategori:Norske teiknarar Kategori:Norske illustratørar Kategori:Vinnarar av Kritikerprisen