Det tyske forbundet var ein konføderasjon av 39 tyske statar og 4 byrepublikkar som blei oppretta 8. juni 1815 på Wienerkongressen. Forbundet blei prega av rivaliseringa mellom dei mektige medlemmane Preussen og Austerrike, og blei oppløyst i 1866 då Preussen sigra over Austerrike i krig. Det blei erstatta av det prøyssiskkleidde nordtyske forbundet.
Bakgrunn Forbundet avløyste Det tysk-romerske riket som var blitt oppløyst 6. august 1806 då den siste tysk-romerske keisaren Frans II abdiserte etter den franske sigeren i slaget ved Austerlitz under Napoleonskrigane, som førte til fredsavtalen i Pressburg. Frans II fortsette som keisar av Austerrike og konge av Ungarn.
Etter press frå Napoleon oppretta ei rekke tyske fyrstedøme deretter Rhinforbundet i juli 1806. Men etter den franske sigeren i slaget ved Jena-Auerstedt i oktober 1806 gjekk fleire tyske statar inn i konføderasjonen. Berre keisardømet Austerrike, kongeriket Preussen, det danske Holstein og Svensk Pommern stod utanfor Rhinforbundet.
Statane i Rhinforbundet gjekk samla inn i krigen mot Napoleon 1812-1814, som leidde fram til Paris-traktaten av 1814, og førte til Wienerkongressen og skipinga av Det tyske forbundet i kjølvatnet av dette, 8. juni 1815.
Oppbygging av forbundet Forbundet dekte i rundt 630 100 km² og hadde 29,2 millionar innbyggjarar i 1829. Dei to viktigaste medlemmane av forbundet var Preussen og Austerrike. Talet på forbundsstatar gjekk ned etterkvart som fyrstehus arva andre statar. I 1863 omfatta det 35 statar.
Medlemsstatane hadde alle fullt sjølvstyre. Medlemmene forplikta seg til gjensidig forsvar, og samarbeidde om å halda fortifikasjonane i Mainz, Luxembourg by, Rastatt, Ulm og Landau.
Forbundet hadde ein forbundsdag som kom saman i Frankfurt. Avgjerder, som måtte fattast med to tredjedels fleirtal, var bindande for forbundsstatane.
Medlemsstatar 22px Keisardømet Austerrike (utan Galicia, Ungarn, Kroatia, Dalmatia og Kongedømet Lombardia-Venetia) (frå 1818 tilhøyrde også den vestlege delen av Galicia Det tyske forbundet) 22px Kongeriket Preussen (utan Posen, Austpreussen og Vestpreussen) (frå 1848-1851 var dei prøyssiske provinsane Aust- og Vestpreussen og den vestlege og nordlege delen av Posen del av forbundet) border|22px Kongeriket Bayern border|22px Kongeriket Sachsen border|22px Kongeriket Hannover (til 1837 i personalunion med Storbritannia) 22px Kongeriket Württemberg border|22px Kurfyrstedømet Hessen-Kassel 22px Storhertugdømet Baden border|22px Storhertugdømet Hessen-Darmstadt Storhertugdømmet Luxemburg (i personalunion med Nederland) (den vestlege delen av Luxemburg gjekk ut av Det tyske forbundet da han blei avstått til Belgia. Derfor blei det nederlandske Hertugdømet Limburg medlem i staden) 22px Storhertugdømet Mecklenburg-Schwerin 22px Storhertugdømet Mecklenburg-Strelitz 22px Storhertugdømet Sachsen-Weimar-Eisenach 22px Storhertugdømet Oldenburg 18px Hertugdømet Holstein og Lauenburg (til 1864 i personalunion med Danmark) 22px Hertugdømet Nassau 22px Hertugdømet Braunschweig 22px Hertugdømmet Sachsen-Gotha-Altenburg til 1836 border|22px Hertugdømet Sachsen-Coburg-Gotha border|22px Hertugdømet Sachsen-Hildburghausen (til 1826) border|22px Hertugdømet Sachsen-Meiningen (fra 1826) border|22px Hertugdømet Anhalt-Dessau border|18px Hertugdømmet Anhalt-Köthen border|18pxHertugdømet Anhalt-Bernburg 22px Fyrstedømet Hohenzollern-Hechingen 22px Fyrstedømet Hohenzollern-Sigmaringen Fyrstedømet Liechtenstein 22px Fyrstedømet Lippe 22px Fyrstedømet Reuss eldre linje 22px Fyrstedømet Reuss yngre linje 22px Fyrstedømmet Schaumburg-Lippe border|22px Fyrstedømet Schwarzburg-Rudolstadt border|22pxFyrstedømet Schwarzburg-Sondershausen 22px Fyrstedømet Waldeck-Pyrmont 22px Fristaden Bremen border|22px Fristaden Frankfurt 22px Fristaden Hamburg 22px Fristaden Lübeck
Seinare medlemmer border|22px Landgrevskapet Hessen-Homburg (fra 1817) 20px Hertugdømet Limburg (frå 1839; i personalunion med Nederland)
Utanlandske monarkar som medlemmer Tre medlemsstatar blei styrt av utanlandske monarkar: Hertugdømmet Holstein var i personalunion med den danske kongen Storhertugdømet Luxembourg og Hertugdømet Limburg av den nederlandske kongen Kongedømet Hannover av den britiske kongen (fram til 1837)
Kvar av desse monarkane hadde ei stemme i den føderale forsamlinga.
Stemmefordeling i den føderale forsamlinga mini|400px|Monarkane i medlemsstatane i Det tyske forbundet på møte i Frankfurt i 1863. Ei føderal forsamling under austerriksk leiing kom saman i Frankfurt, der den habsburgske keisaren og den britiske kongen (som konge av Hannover) var representert med ein sendemann.
I tillegg til dei tre utanlandske monarkane som hadde kvar si stemme, hadde også dei følgjande større monarkia ei stemme kvar: Kongen av Bayern Kongen av Sachsen Kongen av Württemberg Kurfyrsten av Hessen-Kassel Storhertugen av Baden
Øvrige stemmar 23 mindre medlemsstatar delte fem stemmar Dei frie riksstadene Bremen, Frankfurt, Hamburg og Lübeck delte ei stemme.
Oppløysing Det tyske forbundet blei oppløyst etter den Den austerriksk-prøyssiske krigen i 1866, og i 1867 blei det avløyst av det prøyssiskdominerte nordtyske forbundet, der Austerrike ikkje var med. Dette var meir av ei statsdanning enn kva Det tyske forbundet hadde vore.
Bakgrunnsstoff Deutsche Bundesakte vom 8. Juni 1815 Karte: Deutscher Bund Auszug aus Meyers Konversationslexikon, Band 4, Seite 0886 ff, aus dem Jahre 1888
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Det tyske forbund» frå , den 5. november 2012.
Kategori:Tysk historie Kategori:Skipingar i 1815