Heywood Island er den største av øyane utanfor nordkysten av Robert Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Ho er 1,4 km lang og 850 meter brei med eit areal på 78 hektar.L.L. Ivanov. Antarctica: Livingston Island and Greenwich, Robert, Snow and Smith Islands. Scale 1:120000 topographic map. Troyan: Manfred Wörner Foundation, 2009. ISBN 978-954-92032-6-4 Øya er isfri, låg og hesteskoforma, og på vestkysten ligg den 1 km breie Vrabcha Cove. Området vart ofte vitja tidleg på 1800-talet av engelske og amerikanske selfangarar som opererte frå nærliggande Clothier Harbour.
mini|venstre|Topografisk kart over Livingston, Greenwich, Robert, Snow og Smith-øyane.
Øya er kalla opp etter kaptein Peter Heywood i Royal Navy (1773–1831), som var kaptein på HMS «Nereus» utanfor austkysten av Sør-Amerika i 1810-13, og tidlegare ein sjøkadett på HMS «Bounty» under kaptein William Bligh i RN.
Heywood Island ligg 2,88 km vest-nordvest for Catharina Point på Robert Island, 2.24 km nordvest for Hammer Point på Robert Island, 470 meter nord-nordaust for Rogozen Island, 4,12 km nord-nordaust for Fort William på Robert Island og 5,35 km aust-nordaust for Table Island.
Sjå òg Composite Antarctic Gazetteer Antarktiske øyar sør for 60 °S SCAR kravområde i Antarktis
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Heywood Island» frå , den 4. november 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff SCAR Composite Antarctic Gazetteer.
Kategori:Øyar ved Robert Island