mini|Ekspedisjonsskipet «Scotia» i isen ved Laurie Island i Sør-Orknøyane, 1903–04

Scotia-ekspedisjonen (Scottish National Antarctic Expedition, SNAE) 1902–04 var ein ekspedisjon til Antarktis, organisert og leia av den skotske naturforskeren William Speirs Bruce. Sjølv om ekspedisjonen vart overskygga av den prestisjefylte Discovery-ekspedisjonen under leiing av Robert F. Scott, gjennomførte Scotia-ekspedisjonen eit omfattande program med utforsking og vitskapleg arbeid. Den første meteorologiske stasjonen i Antarktis vart etablert, og det vart oppdaga nytt land austom Weddellhavet. Den store samlinga med biologiske og geologiske prøver førte saman med prøver frå dei tidlegare reisene til Bruce til etableringa av Scottish Oceanographical Laboratory i 1906.

Bruce hadde vore mesteparten av 1890-åra på ekspedisjonar til Antarktis og Arktis, og i 1899 var han den mest erfarne polarforskaren i Storbritannia. I mars same år søkte han å få delta på Discovery-ekspedisjonen. Forslaga hans om å utvide verkeområdet til ekspedisjonen til å dekke Weddellhavet med eit eige skip vart likevel avslått som «vondsinna rivalisering» av presidenten i Royal Geographical Society (RGS), Clements Markham. Som ein konsekvens vart Scotia-ekspedisjonen etablert som eit sjølvstendig, privat finansiert føretak.

Ekspedisjonen har vorte skildra som «den desidert mest kostnadseffektive og nøye planlagde vitskaplege ekspedisjonen i den heroiske tidsalderen for antarktisutforsking».Speak, s. 14–15 Bruce fekk likevel ingen formell heider eller heider frå det britiske parlamentet, og ekspedisjonsmedlemmane vart trass i iherdig lobbyverksemd ikkje tildelt den prestisjefylte Polarmedaljen. Bruce leia ikkje fleire ekspedisjonar til Antarktis etter Scotia-ekspedisjonen, men han gjennomførte ei rekkje undersøkingar i arktiske strøk. Fokuseringa hans på grundig vitskapleg utforsking var ikkje lenger i tida, og i motsetnad til føretaka til Scott, Shackleton og Amundsen, mista resultata hans snart interessa til ålmenta. Det permanente minnet om Scotia-ekspedisjonen er Orcadas vêrstasjon som vart sett opp i 1903 på Laurie Island i Sør-Orknøyane og som har vore i kontinuerleg drift sidan.

Bakgrunn mini|upright|Ekspedisjonsleiaren William S. Bruce Som medisinstudent etablerte Bruce kunnskapen sin om naturvitskap og oseanografi ved å ta sommarkurs med anerkjende lærarar som Patrick Geddes og John Arthur Thomson. Han jobba òg som frivillig for oseanografen John Murray og hjelpte til med å klassifisere prøver samla inn under Challengerekspedisjonen.Speak, s. 24–25 I 1892 gav Bruce opp medisinstudiane og mønstra på ei ferd til Antarktis med «Balaena» som ein del av Dundee-ekspedisjonen 1892–93.Speak, s. 31–34 På heimreisa byrja han å planleggje ein ekspedisjon til Sør-Georgia, men han lukkast ikkje med å skaffe finansiering. Deretter jobba han ved ein meteorologisk stasjon på toppen av Ben Nevis,Speak, s. 42–45 før han vart med som vitskapleg assistent på Jackson-Harmsworth-ekspedisjonen 1894–97 til Frans Josefs land.Speak, s. 46–51 Mellom 1897 og 1899 gjennomførte han ytterlegare turar til Arktis – til Spitsbergen og Novaja Semlja – først på ein privat ekspedisjon leia av major Andrew Coats, seinare som vitskapsmann på forskingsfartøyet «Princess Alice». Dette skipa var ått av Albert I av Monaco, ein anerkjend oseanograf som vart ein ven og støttespelar av Bruce.Speak, s. 52–58

Etter tilbakekomsten frå Arktis i 1899 sende Bruce eit langt brev til Royal Geographical Society (RGS) i London, der han søkte om ei vitskapleg stilling i den store antarktisekspedisjonen selskapet planla, seinare kjent som Discovery-ekspedisjonen.Speak, s. 69–70 Hans nyvunne røynsler gjorde det «lite truleg at det fanst andre personar på dei britiske øyane som var betre kvalifisert». Brevet til Bruce skildra dei relevante røynslene hans i detalj. Det vart stadfesta motteke, men ikkje svara skikkeleg før det hadde godt over eitt år. Innan den tida hadde ambisjonane til Bruce overstige den opphavlege forventninga hans om ei underordna stilling i den vitskaplege staben. No foreslo han eit skip nummer to for ekspedisjonen, finansiert med skotske midlar, som kunne arbeide i Weddellhav-kvadranten medan hovudskipet var basert i Rosshavet. Dette forslaget vart avvist som «vondsinna rivalisering» av presidenten i Royal Geographical Society, Clements Markham. Etter ein oppheta korrespondanse avgjorde Bruce å fortsetje uavhengig av RGS.Speak, s. 71–74 Slik vart ideen om ein særskilt nasjonal skotsk antarktisekspedisjon født. Bruce vart støtta av den velståande Coats-familien Som eit resultat hadde han likevel skaffa seg eit livslangt fiendskap med Markham.

Førebuingar thumb|Det skotske andreaskrossen, symbolet til ekspedisjonen «Scotia» Hausten 1901 kjøpte Bruce den norske kvalfangstskuta «Hekla» for £2 620. I løpet av dei neste månadene vart skipet fullstendig ombygd til eit antarktisk forskingsfartøy med to laboratorium, mørkerom og omfattande spesialutstyr. To store roterande spolar, kvar med 6 000 famner (11 000 meter) kabel, vart installert på dekket for å kunne gjennomføre djupvasstråling etter marine prøvar. Utstyr for å gjere djupnemålingar vart installert, i tillegg til utstyr for å samle inn prøver frå sjøbotnen og for meteorologiske og magnetiske observasjonar.Rudmose Brown, s. 7–9 Skroget vart kraftig forsterka for å kunne motstå trykket frå den antarktiske isen, og skuta vart rigga om til ein bark med hjelpemaskinar. Dette arbeidet auka kostnadene for skipet til £16 700, som vart betalt av Coats-familien. Familien donerte til saman £30 000 av ekspedisjonen sin totale finansieringsbehov på £36 000. Under det nye namnet var «Scotia» klår for sjøtesting i august 1902.Speak, s. 75–76

Personell Den vitskaplege besetninga til ekspedisjonen bestod av seks personar, inkludert Bruce. Zoolog var David Wilton, som i likskap med Bruce hadde delteke på Jackson-Harmsworth-ekspedisjonen. Han hadde tileigna seg dugleik på ski og med hundekjøring gjennom fleire års opphald i Nord-Russland. Robert Rudmose Brown frå University of Dundee, tidlegare assistent i botanikkavdelinga ved British Museum, var botanikar i gruppa. Dr. James Harvie Pirie, som hadde arbeidt med Challenger-ekspedisjonen under John Murray, var geolog, bakteriolog og ekspedisjonslege. Robert Mossman leia meteorologi- og magnetismestudia, medan medisinstudenten Alastair Ross var taksidermist.Rudmose Brown, s. 10–11

Bruce valde ut Thomas Robertson som kaptein på «Scotia». Robertson hadde røynsle både frå Antarktis og Arktis, blant anna som kaptein på «Active» under Dundee-ekspedisjonen.Speak, s. 29 Resten av offiserar og mannskap, til saman 25 personar, var skottar. Dei hadde inngått treårskontraktar, og mange hadde røynsle frå ishavsfangst.

Føremål Målsetningane med ekspedisjonen vart publisert i Scottish Geographical Magazine og i Geographical Journal (utgjeve av RGS) i oktober 1902. Desse omfatta opprettinga av ein vinterbase «så nær Sørpolen som praktisk mogleg»,Speak, s. 79 djupvass- og anna forsking i Sørishavet, og systematiske meteorologiske observasjonar og studium, geologi, biologi, topografi og geofysikk. Det skotske preget på ekspedisjonen kom klårt til uttrykk i The Scotsman kort tid før reise: «Leiaren og alle vitskapsmenn og sjømenn på ekspedisjonen er skottar; finansieringa har i all hovudsak vorte samla inn på denne sida av grensa; det er eit produkt av frivillig innsats; og i motsetnad til ekspedisjonen som vil bli gjennomført samstundes i utforskinga av Antarktis, står han ikkje i gjeld til staten.»Speak, s. 80

Ekspedisjon Første ferda 1902–03 «Scotia» seglte frå Troon i Skottland den 2. november 1902. På reisa sørover hadde ho stoppa i den irske hamna Dún Laoghaire, i Funchal på Madeira og på Kapp Verdeøyane,Rudmose Brown, s. 15–20 før det vart gjennomført eit mislukka forsøk på å gå i land på den vesle, isolerte øygruppa St. Peter- og St. Paul-øyane nær ekvator. Forsøket var nær ved å koste geologen og skipslegen James Harvie Pirie livet, då han feilrekna avstanden til land og hoppa i det hairike havet i eit forsøk på å kome i land.Rudmose Brown, s. 20–21Goodlad, seksjon 5: Voyage of the Scotia: The voyage south Den 6. januar 1903 nådde «Scotia» Port Stanley på Falklandsøyane, der forsyningar vart etterfylt før ho seglte vidare til Antarktis.Rudmose Brown, s. 24 mini|left|400px|Sør-Orknøyane

Den 26. januar 1903 sette «Scotia» segl mot antarktiske farvatn. Ekspedisjonen møtte tung pakkis 40 kilometer nord for Sør-Orknøyane den 3. februar, og dei streva med å manøvrere seg vidare.Rudmose Brown, s. 28–33 Dagen etter var likevel «Scotia» i stand til å ta seg vidare sørover. Ei lita gruppe vart sett i land på Saddle Island, der ei stor mengd biologiske og geologiske prøver vart samla inn. Istilhøva hindra vidare framdrift før 10. februar, då «Scotia» fortsette sørover, «lensande framover i sju knop under segl». en Den 17. februar var posisjonen 64°18'S, og fem dagar seinare passerte dei den 70. breiddegraden langt inne i Weddellhavet. Kort tid seinare tørna Robertson nordover igjen etter å ha nådd 70°25'S, då ny sjøis danna seg og truga skipet.

Då dei ikkje hadde lukkast med å finne land, måtte ekspedisjonen finn ein overvintringsstad. Denne avgjersla hasta sidan sjøen var i ferd med å fryse til, og skipet kunne bli sperra inne i isen. Bruce valde å setje kursen tilbake mot Sør-Orknøyane og freiste å finne ein ankerplass der.Rudmose Brown, s. 34 Jamført med det uttalte målet om å overvintre så langt sør som mogleg, låg Sør-Orknøyane meir enn 3 200 kilometer frå Sørpolen, men den nordlege plasseringa hadde fordelar. Den relativt korte perioden skipa ville liggje innefrose ville gje meir tid til tråling og mudring på våren. I tillegg låg øygruppa høveleg til for etablering av ein meteorologisk stasjon – den relative nærleiken til det søramerikanske fastlandet opna høva for permanent bemanning.Rudmose Brown, s. 57

mini|«Omond House» Det kravde éin månad med strevsam seglas før «Scotia» nådde Sør-Orknøyane. Etter fleire mislukka forsøk på å lokalisere ein høvelig ankerplass, og med roret alvorleg skadd av is, fann dei til slutt ei skjerma bukt på sørsida av Laurie Island, den austlegaste øya i øygruppa. Den 25. mars var skipa forsvarleg oppankra nokre hundre meter frå stranda, klår for å bli innefrose.Rudmose Brown, s. 36–37 Ho vart klargjort for å tene som vinterkvarter: maskinane vart demontert, dampkjelane tømt og eit segldukstak vart strekt over dekk.Rudmose Brown, s. 45 Deretter fekk Bruce sett i gang eit omfattande vitskapleg program som omfatta meteorologiske observasjonar, tråling etter havprøver, botaniske ekskursjonar og innsamling av biologiske og geologiske prøver.Rudmose Brown, s. 46–50 Den største oppgåva som vart gjennomført i denne perioden var bygginga av ei steinhytte, døypt «Omond House» etter Robert Omond, direktør for Edinburgh Observatory som var ein av ekspedisjonen sin støttespelarar.Voyage of the Scotia 1902–04: The hut known as Omond House on Laurie Island in the South Orkney Islands, 1902-04 Glasgow Digital Library Denne skulle tene som husly for dei som skulle bli att på Laurie Island for å tene den planlagde meteorologiske stasjonen. Bygningen vart tørrmura av lokal stein; til tak vart det nytta trestokkar dekt med seglduk. Den ferdige hytta målte seks gonger seks meter, hadde to vindauge, og vart utrusta for seks personar. Rudmose Brown skreiv: «Med omsyn på at me ikkje hadde mørtel og murarverktøy, er det eit vedunderleg flott hus, og veldig solid. Eg vil difor tru at det vil bli ståande i hundre år ...»Speak, s. 85

Mannskapet klarte i all hovudsak å halde seg ved god helse. Unntaket var skipsmaskinisten, Allan Ramsay, som hadde fått hjarteproblem på Falklandsøyane under utreisa. Han valde å følgje med ekspedisjonen vidare, men vart stadig dårlegare då vinteren skrei fram. Han døydde den 6. august og vart gravlagt på øya.Speak, s. 88–89