Henrik Johan Bull () var ein norsk forretningsmann og skipsreiar.

I perioden 1893–1895 leia han ein ekspedisjon til Antarktis med skipet «Antarctic», finansiert av Svend Foyn, for å leite etter førekomstar av rettkvalar. Skipet vart utstyrt med elleve harpunkanoner, eksplosiv, åtte kvalbåtar og eit mannskap på 31.

19. januar 1895 gjekk ei gruppe frå ekspedisjonen i land på Foyn Island. Fem dagar seinare vart ein båt med åtte mann, inkludert Bull, kaptein Leonard Kristensen, Carsten Borchgrevink og Alexander von Tunzelmann sende i land på Kapp Adare på det antarktiske fastlandet. På det tidspunktet trudde dei at dei var dei første til å setje fot på det antarktiske kontinent, men det vart seinare klårt at selfangaren John Davis hadde påstått å ha gått i land på Antarktishalvøya alt i 1821. Denne påstanden er likevel omstridd.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Henrik Johan Bull» frå , den 1. november 2012. oppgav desse kjeldene: Henrik Johan Bull (1898) Sydover. Ekspeditionen til Sydishavet i 1893-1895, Det norske aktieforlag, Kristiania Per Gramsborg. «The first man to have set foot on the Antarctic continent». I: The Norseman, nr 2 (1992)

Bakgrunnsstoff Norsk biografisk leksikon

Kategori:Norske skipsreiarar Kategori:Norske kvalfangarar Kategori:Norske antarktisfararar Kategori:Norske forfattarar av erindringsbøker Kategori:Stokke Kategori:Folk frå Sandefjord