mini|Jameson Adams, Frank Wild og Eric Marshall (frå venstre til høgre) plantar unionsflagget på den sørlegaste posisjonen 88° 23' den 9. januar 1909. Dette bilete vart teke av ekspedisjonsleiaren Ernest Shackleton. Nimrod-ekspedisjonen (engelsk: The British Antarctic Expedition 1907–09, allment kjent som Nimrod Expedition) var den første av tre ekspedisjonar Ernest Shackleton leia til Antarktis. Hovudmålet var å bli først til å nå Sørpolen, i tillegg hadde ekspedisjonen ei rekkje geografiske og andre vitskaplege formål. Ekspedisjonen nådde 88° 23' sørleg breidde, til då det sørlegaste punktet nått av menneske og berre 97 nautiske mil (180 km) frå Sørpolen. Ekspedisjonen var den første til å klatre Mount Erebus, den nest høgaste vulkanen i Antarktis, og ei separat gruppe leia av den walisisken-australske geologen og professoren Edgeworth David nådde den berekna posisjonen for den magnetiske sørpolen.
Nimrod-ekspedisjonen fekk verken statleg eller institusjonell støtte, og vart avhengig av private lån og bidrag frå einskildpersonar. Han vart difor hemma av finansielle problem, og førebuingane vart forsert. Skipet til ekspedisjonen, «Nimrod», var under halve storleiken av «Discovery» som Robert Falcon Scott hadde brukt på Discovery-ekspedisjonen 1901–04, og mannskapet til Shackleton mangla relevant røynsle. Det oppstod ei usemje med Scott på grunn av avgjersla til Shackleton om å leggje basen for ekspedisjonen nær det gamle hovudkvarteret til Scott ved McMurdo-sundet, i strid med ein lovnad til Scott om ikkje å gjere det. Sjølv om ekspedisjonen i utgangspunktet heldt ein mykje lågare profil enn ekspedisjonen til Scott seks år tidlegare, trekte resultata seg landsomfattande interesse og gjorde Shackleton til ein nasjonalhelt. Den vitskaplege gruppa utførte omfattande geologiske, zoologiske og meteorologiske undersøkingar. Transportmiddelet til Shackleton, beståande av mandsjuriske ponniar, eit motorkjøretøy og hundesledar, var nyvinningar som trass i avgrensa suksess vart kopiert av Scott den lagnadstunge Terra Nova-ekspedisjonen hans tre år seinare.
Då ekspedisjonen vende heim, overvann Shackleton den tidlegare skepsisen frå Royal Geographical Society og mottok mange offentlege æresvisingar, inkludert riddarskap frå Kong Edward VII. Han oppnådde liten økonomisk gevinst frå denne ekspedisjonen, og var til slutt avhengig av eit offentleg tilskott for å kunne dekke forpliktingane sine.
Det gjekk ikkje meir enn tre år før den sørlege rekorden hans vart slått, då Roald Amundsen den 14. desember 1911 nådde Sørpolen. I memoara sine skreiv Amundsen likevel: «Sir Ernest Shackletons navn vil for alltid stå risset i den antarktiske forsknings historie med flammende bokstaver».
Bakgrunn thumb|Sørpolforsøket: Shackleton, Scott og Wilson (frå venstre mot høgre) poserer ved avreisa 2. november 1902 Shackleton deltok som underoffiser på Scotts første antarktisekspedisjon frå 1901 til 1903. Under denne ekspedisjonen gjorde Scott saman med Shackleton og Edward Wilson eit mislukka forsøk på å nå Sørpolen. Ifølgje dagboka til Scott vart Shackleton så sjuk av skjørbuk at han måtte transporterast på slede over lengre strekningar under returen mellom 21. og 30. januar 1903.Riffenburgh (2006), s. 156.
Trass i at Shackleton friskna hurtig til etter at dei var kome til basen ved Hut Point, sende Scott han tilbake til England mot viljen til Shackleton – med ei syltynn grunngjeving om at han var tenesteudyktig.Riffenburgh (2006), s. 126. Ein kan berre spekulere i det eigentlege motivet til Scott. Einskilde historikarar, som Beau Riffenburgh og Hugh Robert Mill, ser det som ironisk at den eigenrådige, utålmodige og lite fleksible Scott av alle menneske skulle velje Shackleton som følgjesvein. Karaktermessig var han den rake motsetnaden til Scott, og dessutan lite underdanig.Riffenburgh (2006), s. 117. Ekspedisjonsleiaren kan òg ha vore sjalu på den heideren dei andre ekspedisjonsmedlemmene viste Shackleton (spesielt den næraste medarbeidaren til Scott, Edward Wilson).Riffenburgh (2006), s. 105. I tillegg skal Scott ha sett det slik at autoriteten hans vart undergrave av at Shackleton stod på vennskapeleg fot med ekspedisjonsdeltakarar utanfor offiserskorpset.Riffenburgh (2006), s. 104. Det finst òg belegg for ein konflikt mellom Shackleton og Scott under sørpolferda som Edward Wilson valde å ikkje fortelje om.Riffenburgh (2006), s. 124.
mini|venstre|portrett|Sir William Beardmore, seinare Lord Invernairn. Scotts skreiv at Shackleton ikkje «burde utsetjast for ytterlegare slit i den noverande helsetilstanden sin». Shackleton følte dette som eit personleg stigma, og kom tilbake til England fast bestemt på å bevise at han, i orda til nestkommanderande på «Discovery» Albert Armitage, var ein «betre mann enn Scott». Han avslo likevel tilbodet om ein rask retur til Antarktis som førsteoffiser for «Discovery» sin andre avløysingsskip, «Terra Nova», etter å ha hjelpt til med å utstyre henne. Han bidrog òg med å utstyre «Uruguay» som vart førebudd for å frigjere Otto Nordenskjöld sin ekspedisjon som sat fast i Weddellhavet. I løpet av dei neste fem åra, medan han pleidde vona om å ta opp att den antarktiske karrieren sin, søkte Shackleton andre høve, og jobba i 1906 for industrimagnaten sir William Beardmore som kontaktperson.
Ifølgje biografen Roland Huntford vart stoltheita til Shackleton ytterlegare såra av indikasjonane om det fysiske samanbrotet hans i skildringa til Scott, The Voyage of the Discovery, publisert i 1905. Det vart då det personlege målet hans å returnere til Antarktis og utkonkurrere Scott. Han byrja å sjå etter potensielle støttespelarar for ein ekspedisjon. Dei opphavlege planane finst i eit upublisert dokument datert tidleg i 1906. Desse inneheldt eit kostnadsestimat på pund (2008-verdi ca. 1,3 mill pund) for heileekspedisjonen. Han mottok det første løftet om finansiell støtte då arbeidsgjevarane hans, Beardmore, tidleg i 1907 tilbaud pund i lånegaranti. Med dette følte Shackleton seg trygg nok til å kunngjere sine planer overfor Royal Geographical Society (RGS) den 12. februar 1907. Shackleton følte at det hasta, vel vitende om at den polskfødde oppdagaren Henryk Arçtowski òg planla ein ekspedisjon. Denne vart kunngjort for RGS same dag som planane til Shackleton, men denne ekspedisjonen viste seg å ikkje bli noko av.
Førebuingar thumb|Shackletons motorkjøretøy. Innleiande planar I sin opphavlege, upubliserte plan så Shackleton for seg å nytte Discovery-ekspedisjonen sitt gamle hovudkvarter ved Hut Point i McMurdo-sundet som hovudbase. Derfrå ville han freiste å nå både den geografiske og den magnetiske sørpolen. Han skisserte òg andre ekspedisjonsgrupper og eit kontinuerleg program for vitskapleg arbeid. Denne tidlege planen viste òg at Shackleton ville bruke ein kombinasjon av hundar, ponniar og eit spesiallaget motorkjøretøy. Korkje ponniar eller motorkjøretøy var prøvt ut i Antarktis tidlegare, men Frederick Jackson hadde nytta ponniar under Jackson-Harmsworth-ekspedisjonen til Frans Josefs land i 1894–97. Shackleton var så overtydd om at ponniane eigna seg at han valde å gå inn for femten ponniar som seinare vart redusert til ti. Han valde ponniar trass i uklåre rapportar frå Jackson og i strid med konkrete råd frå Fridtjof Nansen.
Før han offentleggjorde planane sine for RGS i februar 1907 hadde Shackleton revidert kostnadsestimata sine til eit meir realistisk nivå, pund (2008-verdi ca. 2,3 mill. pund). Responsen frå RGS var derimot laber. Shackleton fekk seinare vite at RGS på denne tida var klar over om at Scott ønskte å leie ein ny ekspedisjon, og at dei ønsket å gje den fulle støtta si til Scott.
«Nimrod»
mini|Ekspedisjonsskipet «Nimrod» på veg mot Antarktis. Shackleton planla tilkome i Antarktis i januar 1908, noko som innebar at han måtte forlate England i løpet av sommaren 1907. Han hadde difor seks månader på seg til å sikre finansieringa, skaffe og utruste eit skip, kjøpe alt utstyr og forsyningar, og å rekruttere mannskapet. I trua på at han hadde støtte frå den skotske forretningsmannen Donald Steuart reiste Shackleton i april til Noreg for å kjøpe «Bjørn», ei 700–tonn polarskute som ville ha fungert ideelt som eit ekspedisjonsskip.
Steuart trekte likevel støtta si til ekspedisjonen slik at «Bjørn» ikkje lenger var økonomisk oppnåeleg for Shackleton. «Bjørn» vart til slutt selt til han tyske oppdagaren Wilhelm Filchner, som døypte skuta om til «Deutschland» og nytta han på ferda si til Weddellhavet i 1911–13. Shackleton måtte nøye seg med den eldre og mykje smalare «Nimrod», ein førti år gammal selfangstskute av tre på 334 registertonn, som han klarte å skaffe for pund (2008-verdi ca. pund).
«Nimrod» kom til London frå Newfoundland i juni 1907, og Shackleton vart sjokkert då han så fartøyet for første gongen: «Ho var veldig nedsliten og lukta sterkt av selolje, og ein inspeksjon [...] viste at ho trong kalfatring og at mastene måtte fornyast.» Men i hendene på erfarne skipsbyggjarar fekk ho raskt «eit meir tilfredsstillande utsjånad». Seinare rapporterte Shackleton at han hadde vorte svært så stolt av det vesle, robuste skipet.
Innsamling Ved byrjinga av juli 1907 hadde ikkje Shackleton skaffa mykje finansiering ut over Beardmores garanti, og mangla middel for å kunne fullføre ombygginga av skipet. I midten av juli oppsøkte han den filantropiske Edward Guinnes, jarl av Iveagh og leiar for den anglo-irske bryggerifamilien, som gjekk med på å garantere for £ føresett at Shackleton fann andre støttespelarar som kunne bidra med ytterlegare pund. Shackleton klarte å skaffe beløpet, og dei ekstra midlane inkluderte pund frå sir Philip Brocklehurst som betalte for å sikre ein plass på ekspedisjonen.
Sjølv om fetteren til Shackleton, William Bell, gav ei gåve på pund i siste augneblink, var ekspedisjonen framleis langt unna dei naudsynte £, men det var no mogeleg å fullføre ombygginga av «Nimrod». Innsamlinga fortsette i Australia etter at skipet nådde fram der. Endå pund vart gjeve som ei gåve frå regjeringa i Australia og regjeringa på New Zealand medverka med pund. På grunn av desse midlane, og saman med andre små lån og donasjoner, vart målet på £ nådd, men dei totale kostnadene ved slutten av ekspedisjonen hadde auka til pund i følgje estimata til Shackleton.
Shackleton forventa å gjere store summar på boka si om ekspedisjonen og frå forelesningar. Han hadde òg håpt å tene på sal av spesielle frimerke poststempla det antarktiske postkontoret som Shackleton, utnemnd til mellombels postmeister av New Zealand si regjering, planla å etablere der. Ikkje noko av dette gav dei forventa inntektene, sjølv om postkontoret vart sett opp ved Kapp Royds og brukt for posten til ekspedisjonen.
Personell mini|venstre|portrett|Professor Edgeworth David, som leia den vitskaplege gruppa. Shackleton håpte å rekruttere ein sterk kontingent frå Discovery-ekspedisjonen og tilbaud den tidlegare kameraten sin Edward Wilson stillinga som sjefsforskar og nestkommanderande. Wilson avslo likevel dette tilbodet og viste til arbeidet sitt i komiteen til landbruksdepartementet for undersøking av rypesjukdom. Avslo gjorde òg dei tidlegare «Discovery»-kollegaene Michael Barne, Reginald Skelton og til slutt George Mulock, som utilsikta hadde avslørt for Shackleton at offiserane på «Discovery» hadde forplikta seg til Scott og hans enno ikkje kunngjorde planar. Dei einaste frå «Discovery» som vart med Shackleton var kvartermeistrane Frank Wild og Ernest Joyce. Visstnok hadde Shackleton fått auge på Joyce på toppdekket på ein buss då bussen passerte kontoret til ekspedisjonen i London, og nokre vart sende for å hente han.