mini|«Endurance» for fulle segl, kring 1915 300px|mini|1914–1917: Kart som viser sjørutene til «Endurance», «Aurora» og «James Caird», den planlagde transkontinentale ruta og depotruta til Rosshavsgruppa.: Endurance-ekspedisjonen (offisielt Imperial Trans-Antarctic Expedition) 1914–17 var ein ekspedisjon sett i gang og leia av Ernest Shackleton for å krysse det antarktiske kontinentet. Etter Roald Amundsen si erobring av Sørpolen i 1911 rekna Shackleton kryssinga av kontinentet som den siste store utfordringa i Antarktis.Shackleton, Forord til South, s. xi Ekspedisjonen mislukkast i å nå målet sitt, men står likevel som ei av dei største bragdene i den heroiske tidsalderen for antarktisutforskning etter at ekspedisjonsfartøyet «Endurance» gjekk tapt i isen og deltakarane redda livet ved å segle i livbåtar til Elefantøya og Sør-Georgia, der dei fekk varsla norske kvalfangarar.

Shackleton hadde røynsle frå Antarktis som deltakar på Robert F. Scott sin Discovery-ekspedisjon 1901–04 og som leiar av Nimrod-ekspedisjonen 1907–09. På denne nye ekspedisjonen foreslo han å segle til Weddellhavet og ilandsetje ei gruppe nær Vahselbukta som skulle gjennomføre ein transkontinental marsj via Sørpolen til Rosshavet. Ei støttegruppe, Rosshavsgruppa, skulle samstundes segle til motsett side av kontinentet, etablere ein leir ved McMurdo-sundet, og derfrå leggje ut ei rekkje depot på Rossbarrieren fram til foten av Beardmorebreen. Desse depota ville vere naudsynte for at polkryssarane skulle overleve, då dei ikkje ville vere i stand til å frakte med seg nok proviant for heile marsjen. Ekspedisjonen trong to fartøy: «Endurance» med Shackleton til Weddellhavet og «Aurora» med Aeneas Mackintosh til Rosshavet.

«Endurance» vart frosen inne i isen i Weddellhavet før ekspedisjonen nådde Vahselbukta, og trass i forsøk på å frigjere skuta dreiv ho heile vinteren 1915 nordover innhylla i is. Til slutt vart fartøyet skrudd ned av ismassane og knust, noko eit skipbrote mannskap på 28 menn som stod att på sjøisen vart vitne til. Etter å ha halde seg fleire månader på isen, kunne gruppa gå i livbåtane og nådde deretter den ugjestmilde og folketomme Elefantøya i øygruppa Sør-Shetlandsøyane. Shackleton og fem andre gjennomførte deretter ein seglas på 1300 kilometer til Sør-Georgia i den opne livbåten «James Caird». Etter mykje om og men var Shackleton i stand til å berge resten av gruppa som venta på Elefantøya, utan at menneskeliv hadde gått tapt. På den andre sida av kontinentet overvann Rosshavsgruppa store utfordringar for å gjennomføre oppdraget sitt. «Aurora» sleit seg frå fortøyinga under ein storm og var ute av stand til å vende tilbake, og etterlét seg dermed landgruppa utan naudsynt utstyr og proviant. Trass i dette makta dei å leggje ut depota, men tre liv gjekk tapt under oppdraget.

Bakgrunn Shackleton hadde hausta offentleg heider for prestasjonane på Nimrod-ekspedisjonen i 1907–09, men han var ikkje klar for å falle til ro med det.Huntford, s. 348 Han ønskte å vende attende til Antarktis, men framtidsplanane hans var avhengige av resultatet av Scott sin Terre Nova-ekspedisjon som hadde segla frå Cardiff i juli 1910. Meldinga om at Amundsen hadde erobra Sørpolen nådde Shackleton 11. mars 1912. Dette førte til ei endring av fokus, uavhengig av kva ekspedisjonen til Scott måtte oppnå. Shackleton skreiv: «Oppdaginga av Sørpolen vil ikkje bli slutten for antaktisutforsking».Huntford, s. 50 Det neste oppdraget, sa han, ville bli «ei transkontinental ferd frå hav til hav, kryssing av polen».Huntford, s. 350 Men det var òg andre som satsa på dette målet. Den 11. desember 1911 hadde ein tysk ekspedisjon under leiing av Wilhelm Filchner segla frå Sør-Georgia med mål om å trenge djupt inn i Weddellhavet, etablere ein sørleg base, og frå der prøve å krysse kontinentet til Rosshavet.Murphy s. 87–102 Mot slutten av 1912 returnerte Filchner til Sør-Georgia etter å ha mislukkast i å etablere ein base, men han hadde oppdaga mogelege ilandstigingsstader i Vahselbukta, ved om lag 78° grader sørleg breidde, noko Shackleton merka seg og innlemma i ekspedisjonsplanane hans.Shackleton, s. 2

Førebuingar Trass i meldinga om den triste lagnaden til Scott og følgjet hans på tilbakereisa frå Sørpolen, sette Shackleton i gang med å førebu sin eigen transkontinentale ekspedisjon. Han bad om økonomisk og praktisk støtte frå blant andre Tryggve Gran frå Scott-ekspedisjonen og tidlegare statsminister lord Rosebery, men fekk ikkje hjelp frå nokon av dei. Gran veik unna å svare, medan Rosebary svara direkte: «Eg har aldri vore i stand til å bry meg ein døyt om polen».Huntford, s. 355–58 Shackleton fekk derimot støtte frå William Speirs Bruce, leiar av Scotia-ekspedisjonen 1902–04. Han hadde arbeidd med planar om ei antarktiskryssing sidan 1908, men hadde gjeve opp prosjektet på grunn av mangel på midlar. Bruce gav gladeleg Shackleton løyve til å nytte planane sine,Huntford, s. 367 men det endelege utkasta henta lite frå Bruce. Den 29. desember 1913 offentleggjorde Shackleton planane sine i eit brev til avisa The Times, etter å ha motteke den første lovnaden om økonomisk støtte – eit tilskot på 10 000 pund frå britiske styresmakter.Huntford, s. 362

Planen til Shackelton

mini|Kart over dei planlagde rutene til ekspedisjonen, publisert i mars 1916. Ein hadde då ikkje høyrt noko frå ekspedisjonane sidan slutten av 1914. Shackleton namngav den nye ekspedisjonen Imperial Trans-Antarctic Expedition, fordi han følte at «ikkje berre folket på desse øyane, men slektningane våre i alle land under Union Jack vil vere villige til å hjelpe til med gjennomføringa ... programmet til ekspedisjonen».Fisher, s. 298 For å vekke interessa hos folket, publiserte Shackleton eit detaljert program i byrjinga av 1914. Ekspedisjonen skulle bestå av to grupper og to fartøy. Weddellhavsgruppa skulle segle med «Endurance» til området ved Vahselbukta, der 14 mann skulle setjast i land. Av desse skulle ei seksmannsgruppe, med Shackleton som leiar og utstyrt med 69 hundar, to motoriserte sledar og utrusting som «representerte alt som erfaringa til leiaren og ekspertane hans kunne foreslå»,Shackleton, s. xii–xv gjennomføre den 2 900 kilometer lange ferda til Rosshavet. Dei gjenverande åtte i landgruppa skulle utføre vitskapeleg arbeid; tre i Graham Land, tre i Enderby Land og to ved basen i Vahselbukta.

Rosshavsgruppa skulle reise til McMurdo-sundet på motsett side av kontinentet. Derfrå skulle gruppa legge ut depot på Rossbarrieren for den transkontinentale gruppa, heilt fram til Beardmorebreen der gruppene forhåpentlegvis ville møtast og slå følgje det siste stykket. Dei skulle òg gjennomføre vitskapleg arbeid. I programmet sitt uttrykker Shackleton at målet hans var å gjennomføre kryssinga den første sesongen, 1914–15, dersom det var mogeleg. Seinare innsåg han at dette ikkje var praktisk mogeleg, men gløymde å informere Mackintosh om endringane av planane. Ifølgje Ernest Perris, korrespondent for Daily Chronicle, skulle instruksjonane til Mackintosh blitt korrigert i eit telegram, men dette vart aldri sendt.Tyler-Lewis, s. 214–15

Finansiering Shackleton rekna at han ville trenge 50 000 pund for å gjennomføre den enkeleste utgåva av planen sin.Fisher, s. 306–07 For å skaffe naudsynte midlar, bad han om bidrag frå velståande støttespelarar. Denne prosessen starta han på tidleg i 1913, til å starte med utan særleg suksess. Den første store oppmuntringa kom i desember 1913, då styresmaktene baud han 10 000 pund, føresagt han klarte å skaffe tilsvarande støtte frå private kjelder. Royal Geographical Society, som han ikkje hadde venta støtte frå, gav han 1 000 pund. Ifølgje Huntford informerte Shackleton dei om, som ein stor gest, at han berre hadde trong for halvparten av denne summen.Huntford, s. 369 Lord Rosebery, som tidlegare hadde uttrykt manglande interesse for polarekspedisjonar, gav 50 pund . I februar 1914 rapporterte New York Times at forfattaren J.M. Barrie – ein nær ven av kaptein Scott – hadde donert 50 000 dollar (ca. 10 000 pund).The New York Times, «$50,000 Barrie Gift Equips Shackleton», 9. februar 1914 Medan tida var i ferd med å renne ut, vart bidraga omsider sikra i løpet av våren og forsommaren 1914. Dudley Docker frå Birmingham Small Arms Company (BSA) gav 10 000 pund, den rike tobakksarvingen Janet Stancomb-Wills gav ein «sjenerøs» sum (beløpet vart ikkje offentleggjort),Huntford, s. 375–77 og i juni donerte den skotske industrileiaren James Caird 24 000 pund. Shackleton informerte Morning Post at «denne storarta gåva frigjer meg for all uro».

Shackleton hadde no midlar til å sette i verk planane sine. For 14 000 pundFisher, s. 306, Shackleton, s. xv. Huntford, s. 370, indikerer at kostnaden var £11 600. fekk han tak i barkentinen «Polaris» på 300 tonn. «Polaris» hadde blitt bygd for den belgiske polarutforskaren Adrien de Gerlache, som hadde hatt planer om ein ekspedisjon til Spitsbergen. Då planane braut saman, vart fartøyet ledig.Huntford, s. 370 Shackleton døypte det om til «Endurance», som viste til mottoet til slekta hans: «By endurance we conquer» (Gjennom uthald vil vi sigre). For ytterlegare 3 200 pund skaffa han seg ekspedisjonsskip «Aurora» frå Douglas Mawson, som låg i Hobart på Tasmania. Dette ville tene som fartøy for Rosshavsgruppa.

Det totale beløpet Shackleton samla inn er uvisst, då storleiken på Stancomb-Wills sitt bidrag ikkje er kjent. I 1920 rekna Daily Mail at ekspedisjonen hadde kosta 80 000 pund.– Fisher, s. 306 Mangel på pengar var eit stadig tilbakevendande problem for ekspedisjonen. Eit økonomisk tiltak var at midlane til Rosshavsgruppa vart halvert, noko leiaren for gruppa, Aeneas Mackintosh først vart klar over då han kom til Australia for å ta fatt på oppgåva.Tyler-Lewis, s. 34–35 Mackintosh vart tvinga til å prute og trygle om pengar og utstyr for å kunne gjennomføre sin del av ekspedisjonen.Tyler-Lewis, s. 41–48 Pengemangel hemma òg operasjonen med å hjelpe Rosshavsgruppa då dette vart naudsynt i 1916.Tyler-Lewis, s. 222–27 Shackleton hadde utnytta inntektspotensialet til ekspedisjonen ved å selje eksklusive avisrettar til Daily Chronicle, og han hadde òg etablert Imperial Trans Antarctic Film Syndicate for å handtere filmrettane.Alexander, s. 10 Seinare, då Shackleton sette kursen mot Sør-Georgia i «James Caird», hadde han lagt att instruksjonar til Frank Wild om gjennomføringa av ein foredragsturné, dersom han ikkje vendte attende.Alexander, s. 140–41

Personell mini|upright|Ernest Shackleton, leiar av Endurance-ekspedisjonen Shackleton mottok meir enn 5 000 søknader om deltaking på ekspedisjonen.Fisher, s. 308 Til slutt sat han att med 28 personar i kvar av dei to ekspedisjonsgruppene, inkludert William Bakewell som kom om bord i Buenos Aires, venen Perce Blackborow som kom med som blindpassasjer etter at søknaden hans vart avslått,Huntford, s. 383–84 og fleire som kom med i Rosshavsgruppa i siste liten i Australia.Tyler-Lewis, s. 50–53 Eit besetningsmedlem, Daniel Fulthorpe Gooch, var berre med ei stund då han i siste augneblink steppa inn for å hjelpe Shackleton med handteringa av hundane. Han mønstra av «Endurance» på Sør-Georgia.Fisher, s. 315