Filla er ei klipperik øy nord i Rauer og er den største øya i gruppa. Ho vart kartlagd av norske kartografar frå flyfoto teken under Lars Christensen-ekspedisjonen (1936–37). Dei namngav øya, truleg etter den fillete kystlinja slik ho såg ut på norske kart. I 1952 studerte John Roscoe området på fleire flyfoto teken av U.S. Navy Operation Highjump (1946–47). Han fann ut at Filla i røynda var ei rekkje småøyar. Han nytta namnet Filla Island om den største av dei.

Sjå òg Antarktiske og subantarktiske øyar

Kjelder

Kategori:Øyar i Princess Elizabeth Land