Gråkragepetrell (Pterodroma nigripennis) er ein sjøfugl i stormfuglfamilien som har hekketerritorium på øyar i subtropisk, sørvestre Stillehavet. Dette er ein trekkfugl som migrerer nord og aust i Stillehavet på den nordlege sommaren.
Skildring Gråkragepetrell er ein liten sjøfugl på 30 centimeter med kroppssvekt på ca. 175 gram. Oversida er lys grå med ein mørk grå M over vengene. Undersida er kvit, men med ei svart rand rundt vengekanten som endar i eit diagonalt band frå knoken mot kroppssida. Han har ein svart flekk under aug og nebbet er robust kort og svart.
Hekkeutbreiinga er på mange øyar i sørvestre Stillehavet, inklusive Lord Howe-øya i vest, øyar utanfor Ny-Caledonia og Norfolkøya, Tonga, Kermadec Islands, Chathamøyane og fleire andre så langt aust som i Fransk Polynesia. Gråkragepetrellane beitar i Stillehavet mellom Mexico og Japan utanom hekkesesongen, dei beitar om natta på småfisk, blekksprutar og krepsdyr som dei plukkar i overflata.
Storleiken på bestanden var estimert til mellom 8 og 10 millionar individ i 2004 og minkande på grunn av predasjon.BirdLife International 2012
Kjelder Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005 BirdLife International (2012) Species factsheet: Pterodroma nigripennis . Henta frå http://www.birdlife.org den 25. oktober 2012. Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Stormfuglfamilien