Guillaume () er storhertug av Luxembourg og eldste son av storhertug Henri av Luxembourg og storhertuginne Maria Teresa av Luxembourg. Han arva tronen etter at far hans Henri av Luxembourg abdiserte den 3. oktober 2025.

Biografi Guillaume vart fødd på sjukehuset Maternité Grande-Duchesse Charlotte i Luxembourg.Le Grand-Duc héritier, monarchie.lu Han har fire yngre sysken: Félix av Luxembourg, Louis av Luxembourg, Alexandra av Luxembourg og Sébastien av Luxembourg. Gudforeldra hans er erkehertuginne Marie Astrid av Austerrike og prins Guillaume av Luxembourg . Sjølv er Guillaume gudfar til prins Sébastien, prins Paul Louis av Nassau, prins Emmanuel av Belgia, prinsesse Ariane av Nederland og prins Noah av Nassau.

Arvehertug Som prins, var ei av oppgåvene til Guillaume å vere æresstyreleiar for den økonomiske utviklinga i Luxembourg. Han var tidlegare aktiv i Kraizberg Foundation, ein veldedig institusjon for funksjonshemja.

Guillaume har representert Luxembourg under fleire feiringar, mellom anna då prins Christian av Danmark var døypt i januar 2006, då dronning Sonja av Noreg feira bursdagen sin i juli 2007 og då kronprins Willem-Alexander av Nederland feira 40-årsdagen sin i september 2007.

Personleg liv Då Guillaume feira 30-årsdagen sin gav han intervju der han sa at han var i eit forhold, men at dei trong meir tid til å vurdere ei mogleg framtid i lag. Den 26. april 2012 annonserte hoffet at kjærasten hans var den belgiske grevinna Stéphanie de Lannoy. Dei har felles avstamming frå den austerrikske hertugen Charles Marie Raymond d'Arenberg. Guillaume og Stéphanie de Lannoy gifta seg 19. og 20. oktober 2012. Den fyrste delen av bryllaupet var privat, medan det religiøse bryllaupet med gjester frå heile verda fann stad dagen etter.

Den 10. mai 2020 fekk han og arvestorhertuginna det fyrste barnet sitt, sonen prins Charles.

Guillaume er interessert i musikk og idrett; han spelar piano og likar fotball, symjing og volleyball. Han pratar luxembourgsk, fransk, tysk, spansk og engelsk.

Sjå òg Bryllaupet mellom arvestorhertug Guillaume og grevinne Stéphanie de Lannoy

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Guillaume, Hereditary Grand Duke of Luxembourg» frå , den 25. oktober 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Folk frå byen Luxembourg Kategori:Luxembourgske prinsar Kategori:Luxembourgske arvestorhetugar Kategori:Prinsar av Nassau Kategori:Prinsar av Bourbon-Parma Kategori:Huset Bourbon-Parma