Merete Myklebust () er ein tidlegare fotballspelar frå Ellingsøya i Ålesund. Ho vann VM-gull for Noreg i 1995 og OL-bronse i 1996. I alt spela ho 60 landskampar og skåra to mål for Noreg. Myklebust spela for klubbane Spjelkavik Idrettslag og Trondheims-Ørn. Med Ørn vann ho seks seriegull og seks noregsmeisterskap i perioden mellom 1994 og 2001.

Aktiv Fram til 1993 spela Myklebust på den beste fotballklubben for kvinner i Møre og Romsdal; Spjelkavik. Klubben spela i andredivisjon. Her var ho lagkamerat med mellom andre Anita Waage og Ann Kristin Aarønes. Alle desse tre hamna etter kvart i trønderklubben Trondheims-Ørn, Myklebust frå 1994-sesongen.

På klubbnivå var Myklebust med å vinne seks seriemeisterskap for Trondheims-Ørn; 1994, 1996, 1997, 1998, 1999 og 2001, og seks noregsmeisterskap; 1994, 1996, 1997, 1998, 1999, 2001. Størstedelen av tida hos Ørn spela ho venstreback.

Myklebust landslagsdebuterte for Noreg i 1993. Ho spela sideback på Noregs lag som vart verdsmeister under Fotball-VM 1995 i Sverige. Året etter spela ho i same posisjonen for laget som tok bronse under sommar-OL 1996 i Atlanta. Myklebust spela på landslaget ut 1997-sesongen.

Merittar VM-gull 1995 for Noreg OL-bronse 1996 for Noreg Seriemeister 1994, 1995, 1996, 1997, 2000 og 2001 med Trondheims-Ørn Sølvmedalje i serien 1998 og 1999 med Trondheims-Ørn NM-gull 1994, 1996, 1997, 1998, 1999, 2001 med Trondheims-Ørn NM-sølv 1995 med Trondheims-Ørn

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Merete Myklebust» frå , den 24. oktober 2012.

Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1996 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 1996 Kategori:Folk frå Ålesund