Stephen Island er ei isdekt øy som ligg ved vestsida av Nickerson isbrem, utanfor kysten av Marie Byrd Land. Ho vart kartlagd frå landmålingar av US Geological Survey (USGS) og flyfoto tekne av U.S. Navy (1959–65). Ho vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Alexander Stephen (1795–1875), ein skotsk skipsbyggar som grunnla selskapet som bygde skip for Ernest Shackleton og Richard Byrd på ekspedisjonane deira i Antarktis.

Sjå òg Antarktiske og subantarktiske øyar

Kategori:Øyar i Marie Byrd Land