thumb|400px|Den tidlegare polarskuta RSS «Discovery» vart nytta i Discovery Investigations mellom 1923 og 1931. Discovery Investigations var fleire britiske forskingsekspedisjonar i Sørishavet for undersøking av kval. Dei vart finansiert av Colonial Office og organisert av Discovery Committee i London som vart skipa i 1918. Føremålet med undersøkingane var å skaffe eit vitskapleg grunnlag for forvaltinga av kvalførekomstane i Antarktis. Arbeidet resulterte i ny kunnskap om kval, krillen dei lever av og oseanografien i habitata deira. Undersøkingane pågjekk fram til 1951.
Laboratorium Landbaserte undersøkingar vart gjort på Sør-Georgia mellom 1925 og 1931, i eit marinbiologisk laboratorium på King Edward Point. Forskarane budde og arbeidde i bygningen, og vart transportert den snaue kilometeren over King Edward Cove til Grytviken for å studere kval som vart frakta i land av kvalbåtar.
Fartøy Forskingsfartøya som vart nytta var: RRS «Discovery» frå 1924 til 1931 RRS «William Scoresby» frå 1927 RRS «Discovery II» frå 1929
Rapportar Resultat frå undersøkingane vart trykt i Discovery Reports. Dette var ein serie med mange små rapportar som vart utgjeve i 38 bind av Cambridge University Press og seinare Institute of Oceanographic Sciences. Den siste rapporten fanst i 1980.
Litteratur Discovery Investigations er skildra i følgjande bøker: Alister Hardy (1967): Great Waters, Collins F.D. Ommanney (1938): South Latitude Longmans John Coleman-Cooke (1963): Discovery II In The Antarctic Alfred Saunders (1950): A Camera in Antarctica, Winchester Publications, London
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Discovery Investigations» frå , den 22. oktober 2012.
Bakgrunnsstoff Skanna kopiar av mange av rapportane er tilgjengelege ved Biodiversity Heritage Library.
Kategori:Sør-Georgia Kategori:Antarktiske ekspedisjonar Kategori:Biologisk oseanografi