«Congo» er ein song av det engelske rockebandet Genesis frå 1997 på albumet ...Calling All Stations.... Singelen var debuten til Ray Wilson som solovokalist for bandet. Singelen vart ein hit i Europa.
Detaljar Songen handlar ikkje om Kongo i Afrika, men om to personar som ikkje kjem overeins og ønskjer å halde så stor avstand til kvarandre som mogeleg. Musikalsk opnar songen med ein karibisk trommerytme medan ei afrikansk-likande stamme syng «Congo the Congo», før songen går inn i ei mørkare, gitarbasert melodi.
Musikkvideo Musikkvideoen, regissert av Howard Greenhalgh, nyttar mange industrialiserte bilete medan bandet spelar i eit skipsverft med slavearbeid som er sterkt vakta. Massive vasskanonar vert nytta til å kontrollere opprør og bandet vert ofte dusja i vatn gjennom videoen.
Innhald CD-singel
Enhanced CD-singel
Salslister Liste (1997)PlasseringUK Singles Chart29Den austerrikske singellista35Den tyske singellista31Ungarn (Mahasz)5Den sveitsiske singellista32US Billboard Mainstream Rock Tracks25
Medverkande Ray Wilson – vokal Tony Banks – klaverinstrument, korvokal Mike Rutherford – gitar, bassgitar, korvokal. Nir Zidkyahu – trommer, perkusjon
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Congo (song)» frå , den 21. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1997 Kategori:Singlar frå 1997 Kategori:Genesis-songar Kategori:Rockeballadar Kategori:90-talsballadar Kategori:Songar skrivne av Tony Banks Kategori:Songar skrivne av Mike Rutherford Kategori:Virgin Records-singlar Kategori:Atlantic Records-singlar Kategori:Musikkvideoar regisserte av Howard Greenhalgh