«That's All» er ein song av Genesis på albumet Genesis frå 1983. Han vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet etter «Mama».
I USA gjekk singelen opp til sjetteplassen tidleg i 1984 og vart den første hitten deira i USA inne på Topp 10. Den amerikanske versjonen av singelen hadde «Second Home by the Sea» som B-side. Den britiske versjonen hadde «Taking It All Too Hard» som B-side og gjekk til 16. pass. Ein annan singelversjon hadde med eit konsertopptak av «Firth of Fifth».
Songen var eit forsøk på skrive ein enkel popsong med ein melodi som minna om The Beatles. Phil Collins sa òg i seinare intervju at trommestilen var eit forsøk på å etterlikne Ringo Starr. Songen starta med eit elektrisk pianoriff av Tony Banks.
I videoen av songen ser ein band som heimlause menn som spelar kort og held varmen ved eit bål. Det var første gongen Genesis nytta Jim Yukich som regissør.
Songen vart spelt ein god del på konsertane til bandet ut tiåret og inn på 90-talet. Eit konsertopptak av songen finst på The Way We Walk, Volume One: The Shorts og DVD-en Genesis Live at Wembley Stadium, samt heimevidoen The Mama Tour.
Salslister
Vekeslister Liste (1983-84)PlasseringAustralia (Kent Music Report)62Austerrike19 Canada RPM Top Singleshttp://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?&file_num=nlc008388.4441&type=1&interval=50&PHPSESSID=2jhpgm5hdcproo2cnga5nvlut314 Canada RPM Adult Contemporary2Tyskland27Irish Singles Chart6Sør-Afrika (Springbok)27Sveits15UK Singles Chart16US Billboard Hot 1006US Billboard Adult Contemporary7
Årslister Liste (1984)PlasseringU.S. Billboard Hot 100http://www.musicoutfitters.com/topsongs/1984.htm52U.S. Cash Box Top 100https://www.tropicalglen.com/Archives/80s_files/1984YESP.html81
Andre versjonar Keane framførte songen på som ei hyllest til Genesis på VH1 Rock Honors i 2007.
Den kanadiske countrygruppa Doc Walker spelte songen i 2008 og nådde 68. plass på den kanadiske singellista med songen.Doc Walker Chart History
Det kanadiske indierockbandet Zeus spelte inn songen i 2009.
Clare & the Reasons spelte songen på det andre albumet deira, Arrow, i 2009.
Medverkande Phil Collins - trommer, perkusjon, vokal Tony Banks - klaverinstrument Mike Rutherford - gitar, bassgitar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «That's All (Genesis song)» frå , den 20. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Musikkvideo på YouTube
Kategori:Songar frå 1983 Kategori:Singlar frå 1983 Kategori:Genesis-songar Kategori:Songar skrivne av Tony Banks Kategori:Songar skrivne av Phil Collins Kategori:Songar skrivne av Mike Rutherford Kategori:Songar produserte av Hugh Padgham Kategori:Atlantic Records-singlar Kategori:Virgin Records-singlar Kategori:Vertigo Records-singlar Kategori:Doc Walker-songar