Three Sides Live er det tredje konsertalbumet til det britiske rockebandet Genesis, utgjeve i 1982.

Historie Tittelen på albumet kom frå den originale utgåva det tre av sidene var konsertopptak frå turneen til bandet i 1981-1982, medan den fjerde sida var studioopptak, mellom anna dei tre songarn frå den britiske EPen 3 X 3 og B-sider frå innspelinga av Duke. Studiosida vert derimot ikkje lenger gjeve ut som ein del av albumet.

Då albumet kom ut nådde det andreplassen i Storbritannia og tiandeplassen i USA. I Noreg nådde albumet ein 14. plass.

Albumet har flest songar frå Duke og Abacab.

Innhald

Den nordamerikanske utgåva og somme europeiske utgåve hadde opphaveg side fire som «Paperlate», «You Might Recall», «Me and Virgil», «Evidence of Autumn» og «Open Door».

Video

Three Sides Live vart òg gjeven ut som ein konsertfilm frå Abacab-turneen. Filmen var regissert av Stuart Orme.

Konsertopptaka vart hovudsakleg filma i Nassau Coliseum, med intervju innimellom songane og klipp av gruppa på reise i lag med mannskapet og familiane deira.

Han vart først gjeven ut på Betamax og VHS i 1982, sidan på laserdisc i oktober 1991, og DVD i november 2009 som ein del av The Movie Box.

Innhald «Behind the Lines» «Duchess» «Misunderstanding» «Dodo/Lurker» «Abacab» «No Reply At All» «Who Dunnit?» «In the Cage (Medley – Cinema Show – Slippermen) «Afterglow» «Me and Sarah Jane» (filma i Savoy) «Man on the Corner» (filma i Savoy) «Turn It On Again» Berre DVD-utgåva: «Behind the Lines» «Duchess» «Me & Sarah Jane» «Man on the Corner» «One for the Vine» «Fountain of Salmacis» «Follow You, Follow Me»

Medverkande Phil Collins – solovokal, trommer, perkusjon Tony Banks – klaverinstrument, korvokalist Mike Rutherford – bass, gitar, korvokalist

Andre medverkande Daryl Stuermer – gitar, bass Chester Thompson – trommer, perkusjon

It/Watcher of the Skies: Tony Banks – klaverinstrument Phil Collins – vokal, trommer Steve Hackett – gitar Mike Rutherford – bass, gitar

Andre medverkande Bill Bruford – trommer

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Three Sides Live» frå , den 19. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Doble konsertalbum Kategori:Genesis-album Kategori:konsertalbum frå 1982 Kategori:Atlantic Records-album Kategori:Virgin Records-album Kategori:Charisma Records-album Kategori:Vertigo Records-album