mini|East Base på Stonington Island vart nytta som hovudkvarter for ekspedisjonen og er i dag verna som eit kulturminne i Antarktis. Ronne Antarctic Research Expedition (RARE) var ein ekspedisjon til Antarktis i 1947-48 som utforska området rundt Den antarktiske halvøya. Norsk-amerikanaren Finn Rønne leia RARE, den siste privatfinansierte amerikanske forskingsekspedisjonen. Ekspedisjonen hadde base på Stonington Island og utforska og kartla den siste ukjende kyststrekning på jorda og fastslo at Weddellhavet ikkje var forbunde med Rosshavet. Ekspedisjonen tilbakela 5 800 kilometer på ski og hundesledar – meir enn nokre andre i historia. Det vart òg gjort rekognoseringsturar og omfattande fotografering frå fly.

Hustrua til Rønne, Edith deltok som historikar og nyhendekorresponent for North American Newspaper Alliance. Ho og hustrua til sjefspiloten, Jennie Darlington, var dei første kvinnene som overvintra i Antarktis.

Sjå òg Antarktisekspedisjonar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ronne Antarctic Research Expedition» frå , den 18. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:

Litteratur Rønne, Finn (1950) Erobring i Antarktis – Historien om Rønne-ekspedisjonen 1946-1948, Oslo, Gyldendal (oversatt av Jakob R. Sverdrup)

Bakgrunnsstoff Ekspedisjonskart south-pole.com

Kategori:Antarktiske ekspedisjonar Kategori:Den antarktiske halvøya Kategori:USA og Antarktis Kategori:1947 i USA Kategori:1947 i Antarktis Kategori:1948 i Antarktis Kategori:USA-amerikanske ekspedisjonar