Thurston Island er ei isdekt øy som ligg like nordvest for Ellsworth Land i Antarktis. Ho er 215 km lang, 90 km brei og dekkjer eit areal på 15 700 km². Ho er den tredje største øya i Antarktis, etter Aleksanderøya og Berkner Island. Mellom øya og fastlandet ligg Peacock Sound, som er dekt av den vestlege delen av Abbot isbrem.
Øya vart oppdaga frå lufta av kontreadmiral Byrd den 27. februar 1940, som namngav øya etter W. Harris Thurston, ein tekstilprodusent i New York, som designa den vindtette «Byrd Cloth» og som støtta antarktisekspedisjonane økonomisk.
Ho vart opphavleg kartlagd som ei halvøy og det vart ikkje oppdaga at ho var ei øy før 1960.
Sjå òg Composite Antarctic Gazetteer Antarktiske og subantarktiske øyar Antarktiske øyar sør for 60 °S SCAR kravområde i Antarktis
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Thurston Island» frå , den 17. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Øyar i Ellsworth Land