Sturge Island er ei av tre hovudøyar i dei folketomme Ballenyøyane i Sørishavet. Ho ligg 25 km søraust for Buckle Island og 95 km nordaust for Belousov Point på det antarktiske fastlandet. Øyane vart oppdaga av John Balleny i 1839.

Øya har ei parallelogramform med lange kystar i aust og vest og kortare kystar i nordvest og søraust. Ho er kring 4 km brei og på det lengste 12 km lang mellom Cape Freeman i nord og Cape Smyth i sør.

Det høgaste punktet på øya er 1705 mohBrown Peak, Composite Gazetteer of Antarctica, Scientific Committee on Antarctic Research. US source. eller 1524 mohBrown Peak, Composite Gazetteer of Antarctica, Scientific Committee on Antarctic Research. NZ source. (den uklatra Brown Peak). Dette er det høgaste punktet i Ballenyøyane.

Øya er ein del av Ross Dependency, som New Zealand gjer krav på.

Sjå òg Kravområde i Antarktis Composite Antarctic Gazetteer Antarktiske og subantarktiske øyar Antarktiske øyar sør for 60 °S SCAR kravområde i Antarktis

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sturge Island» frå , den 17. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Øyar i Ballenyøyane