Hobbs Coast () er den delen av kysten av Marie Byrd Land som strekkjer seg frå Cape Burks til eit punkt på kysten ovanfor den austlege delen av Dean Island, ved , eller mellom Ruppert Coast i vest og Bakutis Coast i aust. Han strekkjer seg frå 136°50′W til 127°35′. Kysten vart oppdaga av U.S. Antarctic Service (1939–41) og kalla opp etter professor William H. Hobbs frå University of Michigan, ein glasiolog som spesialiserte seg i polargeografi og historie. US Geological Survey kartla ferdig kysten frå landmålingar og flyfoto frå U.S. Navy 1959–65.

Kjelder

Kategori:Kystar i Antarktis Kategori:Geografi i Marie Byrd Land