Reidar Svare () var ein norsk folkeminnesamlar og lokalhistorikar.
Reidar Svare vart fødd på Mølremma i Marka i Vefsn, der foreldra Berithe Jensdtr og Hans Svare dreiv gard. Reidar Svare utdanna seg som sivilagronom med eksamen frå NLH 1926. Året etter vart han tilsett som redaktør for avisa Norig i Skien. Sidan vart han sekretær i Norges nyttevekstforening. I 1937 fekk han arbeid i Vefsn Sparebank i Mosjøen, der han arbeidde i 30 år, sist som kontorsjef.
Innsamlinga av tradisjonsstoff og folkeminne var først ein fritidssyssel. Han var spesielt opptatt av målføre, språkhistorie og stadnamntyding. Reidar Svare skreiv ei mengd avisartiklar og ei rekkje bøker. Han var også medarbeidar i Norsk Allkunnebok Bøkene hans er skrivne på nynorsk eller radikalt bokmål - men han skreiv nynorsk når han fekk velje språkform sjølv.
Bibliografi: Far etter fedrane, utg. av Vefsn historielag, 1950 Vefsn sparebank gjennom hundre år. 1860-1960. Utg. av Vefsn Sparebank, 1959 Vefsn Meieri 1885–1960, utg. 1960 Hattfjelldal kommune hundre år- 1862-1962, utg. 1962 Gamle stadnamn i Vefsn, 1964 Helgeland Maskinforretning A/S gjennom hundre år. 1940-1965, utg. 1965 Sett og sagt, 1967 Skulestellet i Vefsn fram til 1900 : Lærar, klokkar og prestebiografiar, Vefsn bygdebok særbind I, 1970 Frå gamal tid, Vefsn bygdebok særbind II, 1973
Kjelder Kjell Jacobsen «Reidar Svare» i Vefsninger, Vefsn museumslag 2012
Kategori:Norske folkeminnesamlarar Kategori:Folk frå Vefsn Kategori:Norske redaktørar