Tsjernobylsona er det offisielle sperreområdet kring atomkraftreaktoren som eksploderte i 1986. Området vert òg ofte berre kalla Sona. Sona vart oppretta kort tid etter katastrofen i 1986 av det sovjetiske militæret, først i ein radius på 30 km kring atomkraftverket. Det vart opphavleg sett under militær kontroll. I dag dekkjer sona eit mykje større område og vert styrt av Beredskapsdepartmentet i Ukraina. Sjølve atomkraftverket og sarkofagen som dekkjer den øydelagde reaktoren vert styrt separat.

Sperreområdet dekkjer eit område på kring 2 600 km² i Ukraina kring Tsjernobyl atomkraftverk der den radioaktive forureininga frå nedfallet er størst og offentleg tilkomst og busetjing er avgrensa. Sona grensar til Kviterussland i nord.

Føremålet med sperreområdet er å avgrensa tilkomsten til farlege område, redusere spreiinga av radioaktiv forureining og utføre radiologiske og økologiske overvakingar. I dag er området eit av dei mest radioaktivt forureina områda i verda og trekkjer til seg stor vitskapleg interesse på grunn av dei høge strålingsdosane som er påførte miljøet, og ein aukande grad av turisme.

Geografisk dekkjer sona dei nordlegaste rajonane (distrikta) i Kiev og Zjytomyr oblast i Ukraina.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Chernobyl Exclusion Zone» frå , den 7. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Tsjernobylulukka Kategori:Miljø i Ukraina Kategori:Regionar i Ukraina Kategori:Radioaktivt forureina område