mini|Demeter. Romersk kopi av ei gresk byste. Demeter (gresk Δημήτηρ) er den olympiske gudinna for jordbruk i gresk mytologi, som har innverknad over avlingar, korn, mat og fruktbarheit på jorda. Ho blir òg kalla Deo (Δηώ Dēṓ). Ho er dotter av Kronos og Rhea, og syster til Zevs, Hera, Hestia, Hades og Poseidon. Dottera hennar er Persefone, som blei kona til Hades. Kjenneteikna til Demeter er kornaks og fakkel. Det romerske motstykket hennar er Ceres.
Sjølv om Demeter er mest kjend som korngudinne, er ho òg knytt til helse, fødsel og ekteskap, og hadde samband med underverda. I gresk tradisjon er Demeter det andre barnet til titanane Rhea og Kronos, og syster til Hestia, Hera, Hades, Poseidon og Zevs. Som dei andre syskena sine bortsett frå Zeus, blei ho slukt av far sin som spedbarn og seinare redda av Zevs.
Gjennom broren Zevs blei ho mor til Persefone, ei gudinne for grøde og gjenoppstanding.Lorena Laura Stookey, Thematic Guide to World Mythology, p. 99.Lee W. Bailey, "Dying and rising gods" I: David A. Leeming, Kathryn Madden and Stanton Marlan (eds.) Encyclopedia of Psychology and Religion (2009) Springer, pages 266–267 Eit av dei best kjende homeriske hymna, Homerisk hymne til Demeter, fortel soga om at Persephone blei kidnappa av Hades og at Demeter leita etter ho. Då Hades, kongen i underverda, ville ta Persefone til kone, kidnappa han henne frå ei eng medan ho plukka blomar, med løyve frå Zevs. Demeter leita overalt for å finna dottera sin som var forsvunne utan å lukkast, før ho fekk beskjed om at Hades hadde ført henne til underverda. Som svar forsømte Demeter oppgåvene sine som jordbruksgudinne og dreiv jorda til ei dødeleg hungersnaud der ikkje noko ville veksa, slik at dei døyelege døydde. Zevs gav Hades ordre om å gje Persefone tilbake til mor si for å unngå katastrofen. Men fordi Persefone hadde ete mat i underverda, kunne ho ikkje bli hjå Demeter for alltid, men måtte dela året mellom mora og ektemannen. Soga forklarte årstidssyklusen sidan Demeter ikkje lèt plantane veksa medan Persefone er borte.
I dei eldste framstillingane av Demeter er ho ei gudinne for korn og tresking, men funksjonane hennar blei utvida utover desse felta, og ho blei ofte identifisert med jordgudinna, Gaia. Nokre av epiteta til Gaia og Demeter er like, noko som viser deI liknande identitetane deira. I dei fleste av mytane og kultane sine er Demeter ‘Kornmor’ eller ‘Jord-mor’. I dei eldre ktoniske kultane var jordgudinna knytt til underverda, og i dei hemmelege rita (mysteria) deler Demeter og Persefone den doble funksjonen død og fruktbarheit. Demeter er gjevaren av dei hemmelege ritane og gjevaren av lovene for korndyrking. Ho blei no og då identifisert med den store mora Rhea-Kybele som blei tilbeden på Kreta og i Vesle-Asia med med cymbal-musikk og valdelege ritar. Det verker som om valmuar var knytte til kulten til den store mora.
Demeter blei ofte sett på som den same figur som den anatolske gudinna Kybele, og ho blei identifisert med den romerske gudinna Ceres.
Namn Ei tidleg form av namnet Demeter kan ha opptredd i Linear A som da-ma-te i tre dokument (AR Zf 1 og 2, og KY Za 2), alle tre vigde til religiøse situasjonar og alle tre med berre namnet (i-da-ma-t på AR Zf 1 og 2).Y. Duhoux, "LA > B da-ma-te=Déméter? Sur la langue du linéaire A," Minos 29/30 (1994–1995): 289–294. Det er lite truleg at Demeter dukkar opp som da-ma-te i ein Linear B-inskripsjon (mykensk gresk, PY En 609); ordet , da-ma, viser truleg til ‘hushald’.Y. Duhoux and A. Morpurgo-Davies, Companion to Linear B, vol. 2 (2011), p. 26. But see Ventris/Chadwick,Documents in Mycenean Greek p.242: B.Dietriech (2004):The origins of the Greek religion Bristol Phoenix Press. p.172 På den andre sida kan , si-to-po-ti-ni-ja, ‘Potnia av kornet’, tolkast som ein referanse til forgjengaren hennar i bronsealderen eller til eit av epiteta hennar.Inscription MY Oi 701. Cf. .
Demeter sin karakter som morgudinne er identifisert i det andre elementet i namnet hennar «meter» (μήτηρ) som er avleidd frå proto-indoeuropeisk (PIE) *méh2tēr (‘mor’). I antikken blei det gjeve ulike forklaringar på det fyrste elementet i namnet hennar. Det er mogleg at Da (), eit ord som samsvarar med Gē () i Attic, er den doriske forma av De (Δῆ), ‘jord’, det gamle namnet til den ktoniske jordgudinna, og at Demeter er «Moder jord». Liddell & Scott finn dette «usannsynleg» og Beekes skriv at «det er ingen indikasjon på at [da] tyder ‘jord’,» sjølv om det òg har vore anteke i namnet til Poseidon som er funne i Linear B-inskripsjonen E-ne-si-da-o-ne, ‘jordskjelvar’..R. S. P. Beekes. Etymological Dictionary of Greek, Brill, 2009, p. 324.Adams, John Paul, Mycenean divinities – List of handouts for California State University Classics 315. Retrieved 7 March 2011. John Chadwick argumenterer òg for at dā-elementet i namnet til Demeter ikkje er så lett å likna med ‘jord’.Chadwick, The Mycenaean World, Cambridge University Press, 1976, p. 87) "Every Greek was aware of the maternal functions of Demeter; if her name bore the slightest resemblance to the Greek word for 'mother', it would inevitably have been deformed to emphasize that resemblance. [...] How did it escape transformation into *Gāmātēr, a name transparent to any Greek speaker?" Compare the Latin transformation Iuppiter and Diespiter vis-a-vis *Deus pater.
M.L. West har foreslått at ordet Demeter, opphavleg Damater, kan vera eit lån frå ein illyrisk guddom funnen att i den messapiske gudinna Damatur, med ei form dā- (‘jord’, frå PIE *dʰǵʰ(e)m-) knytt til -matura (‘mor’), som er lik den illyriske guden dei-paturos (dei-, ‘sky’, knytt til -paturos, ‘fader’). Den lesbiske forma Dō- kan berre spegla ei anna folkespråkleg uttale av det ikkje-greske namnet.West 2007, s. 176: "The ∆α-, however, cannot be explained from Greek. But there is a Messapic Damatura or Damatira, and she need not be dismissed as borrowing from Greek; she matches the Illyrian Deipaturos both in the agglutination and in the transfer to the thematic declension (-os, -a). (It is noteworthy that sporadic examples of a thematically declined ∆ημήτρα are found in inscriptions.) Damater/Demeter could therefore be borrowing from Illyrian. An Illyrian Dā- may be derived from *Dʰǵʰ(e)m-"
Ein annan teori hevdar at elementet De- kan vera knytt til Deo, eit epitet for Demeter,Orphic Hymn 40 to Demeter (translated by Thomas Taylor: "O universal mother Deo famed, august, the source of wealth and various names". og kan vera avleidd frå det kretiske ordet dea (δηά), ionisk dei (ζειά) - som er blitt tolka som emmer, spelt, rug eller andre kornslag av moderne lærde - slik at ho er mora og gjevaren av mat generelt.Compare sanskr. yava, lit. yavai, Δά is probably derived from δέFα :Martin Nilsson, Geschichte der Griechischen Religion, vol. I (Verlag C.H.Beck) pp 461–462. Dette synet er delt av den britiske forskaren Jane Ellen Harrison, som har foreslått at namnet Démeter tyder ‘korn-mor’, i staden for ‘jord-mor’.
Ei alternativ proto-indo-europeisk avleiing kjem gjennom Potnia og Despoina, der Des- representerer ei avleiing av PIE *dem (hus, kuppel), og Demeter er ‘mor til huset’ (frå PIE *Dems-méh2tēr).Frisk, Griechisches Etymological Woerterbuch. Entry 1271 R.S.P. Beekes avviser ei gresk tolking, men ikkje nødvendigvis ei indo-europeisk.
Ikonografi venstre|mini|Demeter på ein didrakme frå øya Paros, laga på Kykladane. Demeter blei ofte knytt til bilde av innhaustinga, mellom anna blomar, frukt og korn. Ho blei til tider òg avbilda med dottera si Persefone. Demeter blir ikkje generelt skildra med nokon av makane sine; bortsett frå med Iasión, den unge mannen frå Kreta som låg med henne i ein åker som var pløgd tre gonger og deretter blei drepen med lyn av ein sjalu Zevs.
Demeter blei knytt til stjernebildet Virgo, Jomfrua, av Marcus Manilius i det 1. hundreåret i det romerske verket Astronomicon. I kunst held konstellasjonen Jomfrua eit kornnek, Spica, i handa og sit ved sida av konstellasjon Leo, løva.
I Arkadia var ho kjend som «Svarte Demeter». Ho blei sagt å ha teke forma av ei merr for å sleppa unna forfølginga av den yngre broren sin Poseidon, og etter å ha blitt valdteken av han til trass for forkledinga, kledde ho seg i svart og trekte seg tilbake til ei grotta for å sørga og reinsa seg. Ho blei derfor avbilda med hestehovud i denne regionen.Simon Hornblower, Antony Spawforth, Esther Eidinow, eds. The Oxford Companion to Classical Civilization. OUP Oxford, 2014; Pausanias, 8.42.1–4.
Den kjende bilethoggaren Onatas laga ein skulptur av den svarte Demeter.Pausanias, 8.42.7.
Skildring
Som jordbruksgudinne venstre|mini|Demeter, på ei trone, held handa i ei signing av den knelande Metaneira, som tilbyr henne kveite (ca. 340 f.Kr.) I episk poesi og i Theogonien til Hesiod er Demeter Kornmora, gudinna for korn som gjev korn til brød og signar innhaustarane. I Iliaden av Homer skil den blonde Demeter klinten frå kveiten ved hjelp av vinden. Homer nemner thalysia, ein gresk haustfestival av dei fyrste fruktene til ære for Demeter.Iliad 9.534 I Hesiod hjelper bønner til Zeus-Ktonios (ktoniske Zeus) og Demeter avlingane til å veksa seg sterke og mogne.Hesiod Works and Days, 465 Dette var hovudfunksjonen hennar i Eleusis, og ho blei ein panhellenisk guddom. På Kypros var ‘kornhausting’ damatrizein. Demeter var Zeidoros aroura, den homeriske ‘mor jord-arοura’ som gav gåva med korn (zeai eller deai).Nilsson, (1967), Geschichte Vol I, 461–466
Dei fleste epiteta til Demeter viser til henne som ei gudinne for korn. Namnet Deo i litteraturen knyter henne truleg til dei, eit kretisk ord for korn. I Attika blei ho kalla Haloas (etter treskegolvet), etter dei tidlegaste oppfatningane av Demeter som Korn-mora. Ho blei til tider kalla Khloe (‘moge eller fersk-grønt korn’), og til tider Ioulo (ioulos, kornaks). Khloe var gudinna for ungt korn og unge vekstar, og iouloi var haustsangar til ære for gudinna. Innhaustarar kalla Demeter Amallophoros (‘gjevar av nek’) og Amaia (‘reknar’). Gudinnen var den som gav ein overflod av mat, og ho var kjend som Sito (‘av kornet’) og Himalis (‘av overflod’).Stalmith in GRBS48 (2008), 116-117 Brødet frå den fyrste innhaustinga blei kalla thalysisk brød (thalysia) til ære for Demeter.Nilsson, (1967), Geschichte Vol I, 468 Offerkakene ein brann på altaret blei kalla ompnia, og i Attika var gudinna kjend som Ompnia (knytt til korn). Desse kakene blei ofra til alle gudane. høgre|mini|Den eleusinske trioen: Persefone, Triptolemus og Demeter (romersk kopi frå den tidlege keisartida av det store eleusinske relieffet frå Elevsína, 440-430 f.Kr.) Ved nokre festivalar ofra ein store brød (artoi) til gudinna, og i Viotía var ho kjend som Megalartos (av det store brødet) og Megalomazos (av den store massen, eller store grauten). Funksjonen hennar blei utvida til vegetasjon generelt og til alle frukter, og ho hadde epiteta eukarpos (god avling), karpophoros (fruktbringar), malophoros (epleberar) og til tider Oria (alle fruktene i sesongen). Desse epiteta viser ein identitet liknande den til jordgudinna.Nilsson(1967) Geschichte Vol I, , 412, 467–478Cole(1994) in Placing the gods 201–202
Det sentrale temaet i Dei eleusinske mysteria var gjenforeningen av Persefone med mor si, Demeter, då nye avlingar blei sameinte med det gamle frøet, ei form for æve.