Faradays induksjonslov er ei lov oppdaga i 1831 av Michael Faraday.

Ho seier at når den magnetiske fluksen (mengda magnetiske induksjonslinjer) gjennom ein straumkrins vert endra, blir det i krinsen indusert ein elektromotorisk spenning som er proporsjonal med den farten fluksen endrar seg med, det vil sei endring per tidseining av mengder induksjonslinjer gjennom krinsen.

Dette er eit grunnleggande prinsipp i transformatorar, induktorar og mange typar elektriske motorar og generatorar.

Matematisk skildring

der er elektromotorisk spenning (den induserte spenninga), er endring i magnetisk fluks og er endring i tid.

Lova seier altså at total elektromotorisk spenning indusert i ein spole med éi vinding i eit magnetisk felt er lik minus endringa i magnetisk fluks gjennom ein spole, delt på endring i tid. Dersom spolen har meir enn éi vinding, gangast uttrykket med talet på vindingar, altså

der N er mengda vindingar.

Notasjon Ein meir formell måte å skrive Faradaylova på ser slik ut:

som følgje av at definisjonen av elektromotorisk spenning er:

Denne kan igjen omskrivast ved hjelp av Stoketeoremet til forma:

Det er ofte denne siste forma ein møter på når ein ser omtalt dei fire maxwell-likningane.

Kjelder Faradays lovar. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Faradays_lover Delar av denne artikkelen bygger på «Faraday's law of induction» frå , og «Faradays lov» frå den 3. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Elektrodynamikk Kategori:Grunnlegglande fysikk Kategori:Michael Faraday

de:Elektromagnetische Induktion#Induktionsgesetz in Integralform