Bakhtsysaraj (krimtatarisk Bağçasaray; ukrainsk og russisk Бахчисарай; tyrkisk Bahçesaray) er ein byliknande busetnad sentralt på Krimhalvøya sør i Ukraina. Han er det administrative senteret i Bakhtsysaraj rajon (distrikt), og den tidlegare hovudstaden i Krim-khanatet. Det største landemerket i byen er Hansaray, det einaste større palasset frå Krim-khanane, og i dag eit populært museum.

Byen er først nemnt i 1502, og vart hovudstad i Krim-khanatet i 1532 under regjeringstida til Sahib I Giray. Byen var så det politiske og kulturelle senteret for Krim-tartarane frem til khanatet vart erobra av Russland i 1783. Byen heldt den kulturelle tydinga si òg etter dette, heilt til tartarane vart drivne bort frå Krim i mai 1944.

Asteroiden 3242 Bakhchisaraj, oppdaga av ukrainaren Nikolaj Tsjernykh, er kalla opp etter byen. Byen er òg kjent i Russland for Aleksandr Pusjkin-diktet «Fontena i Bachtjisaraj», seinare koreografert som ballett av Rostislav Zakharov.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bakhchisarai» frå , og «Bakhtsjisaraj» frå den 1. oktober 2012.

Bakgrunnsstoff Offisiell side for palasset (engelsk/ukrainsk/russisk)

Kategori:Byar på Krimhalvøya Kategori:Krim-khanatet