Sambir (ukrainsk Самбір, polsk Sambor) er ein by i Lviv oblast i Ukraina. Han er det administrative senteret i Sambir rajon (distrikt), medan sjølve byen har status som eit eige rajon i oblastet. Han ligg nær grensa til Polen.
Byen vart først nemnd på 1200-talet som Pohonytsj, då han vart øydelagd av tatarar. Innbyggjarane grunnla ein ny landsby, Ny-Sambir, kring to kilometer frå den gamle staden. I 1390 fekk staden Magdeburgrettar og var då eigd av voivoden Spytek av Melsztyn.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sambir» frå , den 30. september 2012.
Kategori:Byar i Lviv oblast Kategori:Shtetlar