Volodymyr er ein by i Volyn oblast nordvest i Ukraina. Han er det administrative senteret i Volodymyr-Volynskyo rajon, medan sjølve byen har status som eit eige rajon i oblastet. Byen er det historiske senteret i regionen Volhynia og den historiske hovudstaden fyrstedømet Volhynia. Byen har kring 40 000 innbyggjarar (2012). Fram til 2021 hadde han namnet Volodymyr-Volynskyi ().

Namn Byen er kalla opp etter fyrst Vladimir den store, som var fødd i nærleiken. Namnet vart seinare også forkorta til Lodymyr, og på latin var han kjend somLodomeria. Frå 1911 fekk han namnet Volodymyr-Volynsk for å skilja han frå Vladimir-na-Kliazme i Russland. I 1944 vart namnet offisielt modernisert til Volodymyr-Volynskyi.

1. oktober 2021 avgjorde bystyret at namnet skulle kortast ned til berre Volodymyr. Namneendringa måtte stadfestast av dei nasjonale styresmaktene, og parlamentet Verkhovna Rada godkjende henne 14. desember 2021.

Gjennom historia har byen vore kjend under ulike namn:

Historie Byen er ein av dei eldste i Rutenia og vart truleg grunnlagd på 900-talet. Dei første skriftlege kjeldene som nemner byen er frå 988. I 1366 vart byen polsk, og han låg under Polen-Litauen fram til 1795. Byen vart så russisk, før han etter Den polsk-sovjetiske krigen kom under Polen igjen i 1919. I 1939 vart Volodymyr-Volynskyj innlemma i Ukrainske SSR og Sovjetunionen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Volodymyr-Volynskyi» frå , den 30. september 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Byar i Volyn oblast Kategori:Galizia Kategori:Busetnader grunnlagde på 900-talet